Ekaterini Stefanidi () er ein gresk stavhoppar frå Aten som vart europameister og olympisk meister i øvinga i 2016 og deretter verdsmeister i 2017 og europameister i 2018. I tillegg har ho vunne tre sølvmedaljar i europameisterskap og bronsemedaljen i VM 2019.
Aktiv Stefanídi kom i 2011 på sølvplassen i stavtevlinga då U23-EM fann stad i tsjekkiske Ostrava, og fekk bronsen i universiaden i kinesiske Shenzhen, der ho forbetra den personlege rekorden til 4,45 m. Same høgda nådde ho då i OL-året 2012 vart nordamerikansk collegemeister (NCAA). Nokre veker før OL-tevlinga i London svinga ho seg over 4,51 i Livermore i California, men under sommarleikane mislukkast ho heilt.
Etter ein noko skadeplaga 2013-sesong, forbetra Stefanídi den personlege rekorden fire gongar, sist til 4,71 m og tangering av den greske stavrekorden, ei veke før europameisterskapen i Zürich. I finalen i Zürich var ho ein av tre deltakarar som stoppa på 4,60 m, men sidan ho tok høgda i andre forsøk, og dei hine to fyrst i tredje forsøk, leia ho tevlinga åleine då russiske Anzjelika Sidorova gjorde seg klar til sitt tredje hopp på 4,65 m. Sidorova fekk klaff og tok gullmedaljen, Stefanídi fekk sølvet.
Vinteren 2015 tok Stefanídi seg over 4,77 m innadørs og ganske nøyaktig eitt år seinare klarte ho 4,90 m i New York City. Den 8. juni 2016 sette ho gresk rekord med 4,86 m i Aten. Ein månad seinare vart ho i Amsterdam europameister og sette meisterskapsrekord med eit hopp på 4,81 m.
mini|Medaljevinnarane i stavhopp under EM 2016, frå venstre Lisa Ryzih, Stefanídi og Angelica Bengtsson
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2012 i Helsinki: Nr 12 (4,40 m i kvalifiseringa) OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (nr 24 – 4,25 m) EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 4,60 m, bakom Anzjelika Sidorova (4,65 m) VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (nr 15 – 4,45 m) EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 4,81 m, framom Lisa Ryzih (4,70 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 4,85 m, framom Sandi Morris (4,85 m) VM 2017 i London: Gullmedalje – 4,91 m, framom Sandi Morris (4,75 m) EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 4,85 m, framom Nikoleta Kyriakopoulou (4,80 m) VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 4,85 m OL i 2021 i Tokyo: Nr 4 – 4,80 m VM 2022 i Eugene: Nr 5 – 4,70 m EM 2022 i München: Sølvmedalje – 4,75 m, bakom Wilma Murto (4,85 m) VM 2023 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (–) EM 2024 i Roma: Sølvmedalje – 4,73 m, bakom Angelica Moser (4,78 m) OL 2024 i Paris: Nr 9 – 4,70 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ekateríni Stefanídi» frå , den 13. juli 2016. Denne artikkelen bygger på «Ekateríni Stefanídi» frå , den 13. juli 2016.
World Athletics
Kategori:Greske stavhopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Hellas Kategori:Olympiske meistrar for Hellas Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020