Fatima Whitbread () er ein britisk tidlegare spydkastar frå London som vart europameister 1986 og verdsmeister 1987. Ho vann elles to OL-medaljar og ein VM-medalje i tida 1983-88.

Aktiv Whitbread fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1983-sesongen, då ho tok sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i finske Helsinki, vel halvannan meter bak heimefavoritten Tiina Lillak. Året etter fekk Whitbread bronsen under sommarleikane i Los Angeles.

Åra 1986-87 kasta Whitbread på eit nivå ingen annan hadde gjort før henne. I kvalifiseringa under EM i friidrett 1986 gjorde ho sitt livs lengst kast på heile 77,44 meter, to meter over verdsrekorden. I finalen fylgde ho opp med 76,32 meter og ein soleklar siger. Året etter vann ho gullmedaljen under verdmeisterskapen i Roma, vinnarkastet på 76,64 m var nær fem meter lengre enn det sølvvinnaren Petra Felke oppnådde. Under den olympiske leikane i 1988 var rollene omsnudd, Felke kasta då lengre enn tidlegare medan Whitbread ikkje heldt det høge nivået frå 1986-87-sesongane. Whitbread tok likevel OL-sølvet med stor margin.

Skadar førte til at ho la opp i 1990.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (nr 18 – 49,74 m) EM 1982 i Aten: Nr 8 – 65,10 m VM 1983 i Helsinki: Sølvmedalje – 69,14 m, bakom Tiina Lillak (70,82 m) OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 67,14 m EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 76,32 m, framom Petra Felke (72,52 m) VM 1987 i Roma: Gullmedalje – 76,64 m, framom Petra Felke (71,76 m) OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 70,32 m, bakom Petra Felke (74,68 m)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fatima Whitbread» frå , den 15. juli 2016.

World Athletics

Kategori:Britiske spydkastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen