Flammegullkvefs (Chrysis viridula) er ein gullkvefs i slekta eldgullkvefsar. Han finst i ulike varme naturtypar som skogkantar, sandområde og tørrbakkar.

I Noreg er arten nokso sjeldan med nokre spreidde funn på Austlandet. Vertsarten her er truleg murarkvefsen Odynerus spinipes.

Flammegullkvefs kan vanskeleg forvekslast med andre artar grunna dei unike fargeteikningane på kroppen.

Raudlistevurdering Chrysis viridula er vurdert som sårbar (VU) fordi arten har eit avgrensa førekomstareal der bestanden er truleg kraftig fragmentert og kvaliteten på habitatet er vurdert til å vera i tilbakegang.

Fotnotar

Kategori:Gullkvefsar