Adriaen van der Werff () var ein nederlandsk barokkmålar.

Van der Werff levde og døydde i Rotterdam, men verka òg i Düsseldorf. Han måla særleg religiøse og mytologiske motiv, i tillegg til portrett. Han var ein av dei mest vidkjende nederlandske målarane på si tid, og tente store pengar på kunsten sin. Fram til 1800-talet var han rekna som ein av dei største kunstnarane i landet, men i dag er han sett på som ein dyktig, men noko sentimental og gjentakande mindre viktig målar.

I tillegg til måling var han òg arkitekt, og utforma fleire elegante hus i Rotterdam.

Kjelder Web Gallery of Art

Denne artikkelen bygger på «Adriaen van der Werff» frå , den 13. mars 2006.

Kategori:Nederlandske arkitektar Kategori:Nederlandske målarar Kategori:Barokkmålarar