The Works er det ellevte studioalbumet av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i februar 1984. Etter det synth-tunge Hot Space, gjekk dei på dette albumet attende til rockestilen til Brian May og Roger Taylor, men heldt òg på noko av den retro-futurististke elektropopen frå den tyske elektronica-undergrunnen frå tidleg i 1980-åra (Freddie Mercury) og funkstilen frå New York (John Deacon).
Plata vart spelt inn i Record Plant Studios og Musicland Studios frå august 1983 til januar 1984. Tittelen på albumet kom frå ein kommentar Taylor kom med då innspelinga byrja – «Let's give them the works!». Etter ein konservativ reaksjon på og bannlysing av musikkvideoen til «I Want to Break Free» i USA, valde bandet å ikkje turnere i Nord-Amerika, så albumet nådde ikkje så høgt som det kunne ha gjort på listene der, men selde godt elles i verda (særleg i Europa). På verdsbasis har The Works seld kring fem millionar eksemplar.
Historie Etter utgjevinga av Hot Space og den påfølgjande turneen i 1982, valde dei fire medlemmane i Queen å ta ein pause frå bandet året etter, der dei konsentrerte seg om soloprosjekt. Bandet hadde planlagt ein vårturné i Sør-Amerika, særleg etter den store suksessen bandet hadde hatt der to år tidlegare, men problem med utstyr og marknadsføring sette ein stoppar for planane. Brian May arbeidde med Eddie Van Halen og andre på Star Fleet Project, medan Freddie Mercury byrja arbeidet med soloalbumet sitt. I august 1983 kom bandet saman att og byrja å arbeide med det ellevte studioalbumet. Det vart det første albumet til Queen for EMI (og det USA-tilknytte Capitol Records) etter at bandet kansellerte avtalen med Elektra for USA, Canada, Australia og Japan.
Innspelinga byrja i Record Plant Studios i Los Angeles – den første gongen Queen spelte inn musikk i Amerika - Musicland Studios i München. På denne tida tilbaud manageren deira Jim Beach høvet til å komponere musikk for filmen The Hotel New Hampshire. Bandet gjekk med på dette, men oppdaga at det gjekk for mykje tid med til å skrive musikk for filmen i staden for det komande albumet, og prosjektet vart skrinlagt. Berre ein song skriven for filmen, «Keep Passing the Open Windows», kom med på The Works. I november 1983 vart Roger Taylor sin «Radio Ga Ga» vald som den første singelen frå albumet. The Works kom ut 27. februar 1984.
Innhald
Songar Radio Ga Ga
The Works opnar med «Radio Ga Ga». Han vart skriven på klaverinstrument, etter at Roger Taylor høyrde sonen Felix (som var tre år på den tida) sei «radio ca ca». Han skreiv songen i Los Angeles og låste seg inne i eit studio med ein Roland Jupiter 8 og ein trommemaskin. Sidan kom John Deacon opp med ein høvande basslinje. Freddie Mercury rekonstruerte songen, både musikalsk og tekstmessig. Han var likevel tilskriven Taylor, sidan Mercury var meir enn arrangør enn medlåtskrivar. Fred Mandel, studiomusikaren deira på klaverinstrument, sette i saman eit spor med piano, synth og ein mellombels bass. Brian May brukte slide for gitarsoloen sin. Taylor song all korvokal, og brukte ein Vocoder gjennom songen. Det meste av songen består av elektroniske instrument og synthesizer.
Tear It Up Det andre sporet, «Tear It Up», er ein song av May, og på ein demoversjon er det han som syng songen i staden for Mercury. HAn vart skriven som eit forsøk på å gjenskape den gamle stilen til Queen. Han har ein hamrande perkusjon liknande «We Will Rock You» som driv songen. Då songen vart framført under The Magic-turneen, spelte May would introen frå «Liar» før han gjekk over i byrjinga av denne songen.
It's a Hard Life
Den tredjen songen på The Works, «It's a Hard Life», er ein av May og Taylor sine favorittsongar frå Mercury (men innrømde at dei mislikte sterkt musikkvideoen). May medverka med noko tekst og introduksjonen var basert på Ruggiero Leoncavallo sin «Vesti la giubba», ein arie frå operaen Pagliacci. Mercury spelte piano og song det meste av vokalen, og rettleia May i kva skalaer han skulle bruke for soloen, som vart skildra av May i gitarprogrammet Star Licks som særs «Bohemian Rhapsody»-aktig.
Man on the Prowl Etter «It's a Hard Life» kjem «Man on the Prowl», ein tre-akkords rockabilly av Mercury (liknande «Crazy Little Thing Called Love») der Mandel spelar pianoet i slutten. Merk at «Tear It Up», «It's a Hard Life», «Is This The World We Created...?» og denne songen er heilt utan synthesizerar. May spelte soloen på ein Fender Telecaster. Denne var planlagt som den femte og siste singelen frå albumet, med ein mellombels utgjevingsdato 19. november 1984, og det vart trykt og sendt ut fleire promokopiar (QUEEN 5) med «Keep Passing the Open Windows», som B-side. Bandet valde i staden å gje ut julesingelen «Thank God It's Christmas».
Machines (Or 'Back To Humans') Den femte songen på The Works, «Machines (Or 'Back to Humans')», starta som ein ide av Taylor, og May hjelpte til med å skrive songen ferdig. Produsenten Reinhold Mack programmerte synth-«øydelegginga» med ein Fairlight CMI II Sampler, og songen er sungen som ein duett mellom Mercury (som syng i harmoni med seg sjølv over fleire lydspor), og robotstemma til Taylor (ved hjelp av ein Roland VP330 Vocoder). Instrumentalmiksen av songen samplar delar av «Ogre Battle» frå det andre albumet til Queen, Queen II, «Flash» og Larry Lurex sin «Goin' Back» (i røynda Queen (utan Deacon) under eit pseudonym). Denne og «Radio Ga Ga» er dei mest elektroniske songane på albumet.
I Want to Break Free
Den sjette songen, «I Want to Break Free», var skriven av John Deacon. Popsongen vert best hugsa for videoen der alle dei fire Queen-medlemmane er kledde som kvinner, ein parodi på den britiske såpeopearen Coronation Street. Taylor kom med ideen til videoen. Mercury kommenterte at 'Alle sprang inn i kjolane sine'. Deacon insisterte på at han ikkje ønskte ein gitarsolo på songen, så Mandel spelte ein synthsolo i staden. På konsertane spelte May soloen på gitar. Versjonen som vart gjeven ut på singel og nytta i musikkvideoen inneheld ei opning og eit mellomspel (etter synthsoloen) som ikkje er ein del av den originale miksen.
Keep Passing the Open Windows «Keep Passing the Open Windows» er den sjuande songen på The Works og var skriven av Mercury i 1983 for filmversjonen av The Hotel New Hampshire, basert på ein roman av John Irving. Tittelen vert nemnt fleire gonger i filmen, som var medprodusert av manageren til bandet, Jim Beach. Mercury spelte piano og synth og skreiv teksten etter å ha lese sitatet i boka.
Hammer to Fall
«Hammer to Fall», den åttande songen, er den andre rockelåten til May på albumet. Konsertversjonane var mykje raskare, og May har òg framført songen på soloturnane sine. Synthane vert spelte av Mandel og dei fleste av vokalharmoniane vert gjort av May sjølv, særleg i mellomspelet (utanom «oh no» som er Taylor). Songen går attende til den gamle Queen-stilen, med songar bygd kring eit hardt og mektig riff. Mercury syng solovokal, medan både Mercury og May syng på refrenget. Musikkvideoen til songen vart regissert av David Mallet, og inneheld konsertklipp av songen frå Brussel.Queen Biography 1984 Queen Zone. Henta 29. juni 2016 «Hammer to Fall» var ein populær konsertsong og var den tredje songen som bandet spelte på Live Aid i 1985.Live Aid: Hammer to Fall Ultimate Queen. Henta 29. juni 2016 Songen vart òg spelt på Magic-turneen i 1986.Queen live on tour: Magic tour Queen Concerts. Henta 29. juni 2016
Is This the World We Created...?
Albumet vert avslutta med «Is This the World We Created...?» som var skriven i München etter Mercury og May såg nyhende på TV om fattigdomen i Afrika. Songen vart framført på Live Aid som eit ekstranummer. Mercury skreiv det meste av teksten og May skreiv akkordane og små bitar av teksten. Songen vart spelt inn med ein Ovation, men på konsertane nytta May ein Gibson Chet Atkins CE nylonstrenga gitar. Det vart spelt inn piano for songen i studio, men dette vart fjerna frå den endelege miksen.
Andre songar Thank God It's Christmas
Denne songen, skriven av May og Taylor, vart gjeven ut som ein julesingel i 1984 og seinare som B-sida til singelen «A Winter's Tale» i 1995. Han vart òg gjeven ut på samlealbumet Greatest Hits III i 1999. Det er den einaste julesongen Queen spelte inn.
Medverkande Freddie Mercury: solo- og korvokal, piano, klaverinstrument, sampler på «Radio Ga Ga» Brian May: solo- og akustisk gitar, korvokal, klaverinstrument, solovokal på mellomspelet til «I Go Crazy» Roger Taylor: trommer, elektroniske trommer, korvokal, klaverinstrument på «Machines (Or Back to Humans)», Vocoder på «Radio Ga Ga» og «Machines (Or Back to Humans)», sampler og programmering på «Radio Ga Ga» John Deacon: bassgitar, rytmegitar, korvokal, klaverinstrument og programmering på «I Want to Break Free»
Andre medverkande Fred Mandel: klaverinstrument på «Radio Ga Ga», «I Want to Break Free» og «Hammer to Fall», piano på «Man on the Prowl» (slutten), sampler på «Radio Ga Ga» Reinhold Mack: Fairlight CMI-programmering på «Machines (Or Back to Humans)», lydteknikar Mike Beiriger: assisterande lydteknikar Stefan Wissnet: assisterande lydteknikar Ed Delena: assisterande lydteknikar Bill Smith: plateomslag George Hurrell: fotografi
Lister
Salslister ÅrListePlassering1984Australia12Austerrike2Belgia (Vallonia)87Canada22Nederland1Frankrike14Italia4Japan7New Zealand9Noreg2Sverige3Sveits3UK Albums Charthttp://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/2US Billboard 20023Vest-Tyskland32005Belgian Mid-Price Albums Chart (Flandern)18Belgian Mid-Price Albums Chart (Vallonia)52011Sør-KoreaGAON ALBUM CHART : 2011년 9월 (på koreansk). gaonchart.co.kr. Henta 6. januar 2014.85
Årslister Liste (1984)PlasseringAustralia48Austerrike2Canada88Frankrike21Italia37UK Albums Chart14
Tiårslister Liste (1980–89)PlasseringAusterrike32
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Works (Queen album)» frå , den 20. juli 2016.
Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Queen: Diskografi: The Works
Kategori:Queen-album Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Parlophone-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Hollywood Records-album Kategori:Album produserte av Reinhold Mack Kategori:Nummer-ein-album i Nederland