«It's a Hard Life» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av frontmannen Freddie Mercury. Songen vart gjeven ut i 1984 på albumet The Works, og var den tredje singelen frå albumet. Singelen nådde sjetteplassen på UK Singles Chart og var den tredje topp 10-plasseringa deira frå albumet. Han nådde òg andreplassen i Irland og 20. plassen i Nederland. Songen kom på 19. plassen på ei landsomfattande rundspørring av TV-kanalen ITV over favorittlåten til sjåarane av Queen i 2014.

Komposisjon Opningsteksten og melodien frå «It's a Hard Life» er basert på linja «Ridi, Pagliaccio, sul tuo amore infranto!» (Laugh, clown, at your broken love!) frå «Vesti la giubba», ein arie frå Ruggero Leoncavallo-operaen Pagliacci.

Musikalsk gjenskapar songen kjensla frå «Play the Game» for å oppdatere soga, og nyttar pianoet til Mercury og den karaterisiske teknikken til bandet med å legge lag på lag med harmonivokal. Songen er spelt inn med mykje av den same etosen frå tidlegare Queen-album sidan dei ikkje brukte synthesizerar på songen.

Musikkvideo Tim Pope regisserte musikkvideoen i ein operaaktig «stil», der bandet opptrer i operaaktige kostyme. May spelar på ein spesiallaga «skalle- og bein»-gitar,Queen, Box of Flix, 1991, Picture Music International, liner notes s. 7 som ein òg kan sjå på singelomslaget.

Bandet syntest kostyma var varme og ukomfortable og dei andre gjorde narr av augo på kostymet til Mercury, som dei meinte såg ut som «ei enorm reke». Både Brian May og Roger Taylor stønna høgt på kommentorsporet til videoen på Greatest Video Hits 2. Taylor sa det var «den mest idiotiske musikkvideoen som var laga.» May meinte videoen var ironisk. Taylor sa at han «likte songen særs godt, men hata videoen».

Ein av statistane i videoen er den tyske skodespelaren Barbara Valentin.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar

Konsertopptak Live in Rio (VHS) We Are the Champions: Final Live in Japan (DVD)

Salslister Liste (1984) PlasseringAustralia (Kent Music Report)65Irland (IRMA)Irish charts search. irishcharts.ie. Accessed on 28. juni 2016. In the box under Search by Song Title, type in It's a Hard Life. Then click search. Accessed on 28. juni 2016.2

Kjelder Denne artikkelen bygger på «It's a Hard Life» frå , den 22. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Rockeballadar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Tim Pope Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Popsongar baserte på klassiske verk Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå 1984