«The Invisible Man» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av trommeslagaren Roger Taylor. Songen er nesten sungen heilt av Freddie Mercury, med små bidrag av Taylor. Songen kom ut på albumet The Miracle og som singel i 1989. Taylor hevda han vart inspirert til å skrive songen etter å ha lese ei bok (kanskje boka med same namn av H.G. Wells), og basslinja kom brått til han. Songen markerer den einaste gongen alle dei fire bandmedlemmane er nemnte i teksten. Den første er Freddie Mercury, så John Deacon. Brian May vert nemnt to gonger (like før gitarsoloen), og «Roger Taylor» vert sagt med ein rullande «r» for å etterlikne trommevirvlar mot slutten verset.

Musikkvideo I musikkvideoen spelar eit videospel kalla «The Invisible Man» ei stor rolle. Ein ung gut spelar eit spel, medan bandet (alle kledde i svart), som er «skurkane» i spelet, kjem inn i den verkelege verda og spelar songen på rommet hans. Medan dei spelar, prøver guten å skyte dei med spelkontrolleren. Frå tid til tid dukkar Mercury opp forskjellige stader på barnerommet, og forsvinn før guten kan skyte han. Den då 15 år gamle Danniella Westbrook spelar i videoen, og vart året etter med i såpeoperaen EastEnders.

Lister Liste (1989)PlasseringVeker på listaDen nederlandske singellistahttp://www.dutchcharts.nl/612Den tyske singellistahttp://www.musicline.de/3112Irish Singles Charthttp://www.irishcharts.ie/103Den italienske singellistahttp://www.hitparadeitalia.it/indici/per_interprete/aq.htm21?Den newzealandske singellista159Den sveitsiske singellistahttp://www.swisscharts.com/301UK Singles Charthttp://www.chartstats.com/126

Medverkande Freddie Mercury - solovokal Roger Taylor - solo- og korvokal, trommer, klaverinstrument, rytmegitar Brian May - elektrisk gitar John Deacon - bassgitar, rytmegitar David Richards - klaverinstrument

Andre versjonar Scatman John spelte ein versjon av teksten der mykje av teksten er erstatta av scat-synging. Butch Hartman, som skapte Nickelodeon-serien Danny Phantom, har sagt at kjenningsmelodien i songen var inspirert av basslinja på «The Invisible Man».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Invisible Man (song)» frå , den 25. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: musikkvideo, musikkvideo (VEVO) Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar