mini|Bushfly kjem inn for landing i Hallo Bay i Katmai National Park. mini|Kotzebue er ein av busetnadane som blir rekna til «bushen» i Alaska.
Bushen (the bush) i Alaska viser til dei delane av delstaten som ikkje er tilknytte det nordamerikanske vegnettverket eller ferjenettverket i delstaten. Dei fleste delane av Alaska som ikkje er knytt til vegsystemet kan ein berre nå med småfly (bushfly). Reise frå stad til stad skjer typisk med snøskuter, båt eller hundespann.
Geografisk høyrer område som North Slope, Northwest Arctic Borough, vestlege område som Baldwin- og Seward-halvøya, Yukon-Kuskokwim-delatet, Sørvest-Alaska med Bristol Bay, Alaskahalvøya og isolerte område i det såkalla Alaska Panhandle og indre Alaska eller Alaska Interior til bushen.
Størsteparten av urfolka i Alaska lever i bushen, med levevis som liknar mykje på dei forfedrane deira hadde. Større busetnader i desse områda er mellom anna Bethel, Dillingham, King Salmon, Nome, Barrow, Kodiak Island, Kotzebue og Unalaska-Dutch Harbor.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Bush (Alaska)» frå , den 26. juli 2016. Kategori:Geografi i Alaska Kategori:Samfunn i Alaska