«Delilah» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Songen er skriven og sungen av Freddie Mercury og vart opphavleg gjeven ut på det fjortande studioalbumet til Innuendo i 1991. Songen vart gjeven ut på singel den 14. desember 1991, men berre i Thailand.
Komposisjon «Delilah» er ein song som Mercury skreiv om favorittkatten sin, som heitte Delilah. Det var ein av dei første songane som var ferdig for albumet. Brian May spelte inn soloen i songen med ein talk box. Roger Taylor likte visstnok ikkje songen og måtte overtydast av Mercury for at songen skulle kome med på albumet.
Medverkande Freddie Mercury – solo- og korvokal, piano, klaverinstrument, trommeprogrammering Brian May – gitar John Deacon – bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Delilah (Queen song)» frå , den 29. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Songar om dyr Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar