«Made in Heaven» er ein song av Freddie Mercury frå albumet Mr. Bad Guy frå 1985. Songen vart noko korta ned og gjeve ut som den tredje singelen frå albumet, med «She Blows Hot and Cold», som B-sida, skildra på plateomslaget som «ein heilt ny song». Singelen nådde 57. plassen på den britiske singellista.

Etter at Mercury døydde, gav songen tittelen på Queen-albumet Made in Heaven frå 1995. Denne songen og «I Was Born to Love You», vart begge spelt inn på ny for albumet, men med den tidlegare vokalen til Mercury.

Medverkande Originalversjonen Freddie Mercury - solovokal, piano, synthesiser Fred Mandel - piano, synthesiser, gitar Paul Vincent - sologitar Curt Cress - trommer Stephan Wissnet - bassgitar, Fairlight CMI Reinhold Mack - Fairlight CMI

Queen-versjonen Freddie Mercury - solovokal, piano, klaverinstrument Brian May - sologitar Roger Taylor - trommer, perkusjon John Deacon - bassgitar

Utgjeving Singelen kom ut i 7" og 12" format.

7" singel

7"-singelen vart gjeve ut på ei forma biletplate.Discogs.com

12" singel

Musikkvideo Videoen til songen vart filma av David Mallet, som tidlegare hadde laga videoen til «I Was Born to Love You», og fem andre Queen-songar. Det vart bygd ein kopi av Royal Opera House i eit lager i Nord-London, der Mercury ønskte å gjenskape ein scene frå Igor Stravinskij sitt Vårofferet og Dante sin Inferno. Det mest merkverdige elementet er truleg ei 67 fot høg roterande kule, som songaren står på i siste delen av videoen. Kostymet som Mercury har på seg i musikkvideoen liknar på kostymet han hadde i musikkvideoen til Queen-songen «Radio Ga Ga».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Made in Heaven (song)» frå , den 30. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Songar frå 1995 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Freddie Mercury-songar Kategori:Queen-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:poprock-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet