«A Winter's Tale» er ein song av Queen, frå albumet Made in Heaven, som kom ut i 1995 etter Freddie Mercury døydde i 1991. Han vart skriven etter innspelinga av Innuendo var over, og Mercury fekk inspirasjon til songen då han kikka ut vindauga på sjukehuset sitt ved Genfersjøen i Sveits. Songen har ei psykedelisk, draumeaktig kjensle, og skildrar det Mercury såg utafor vindauga.

Mercury skreiv songen og spelte inn vokal og klaverinstrument. I dokumentarfilmen «Queen - Champions of the World» vert det sagt at dette var, om ikkje den første så i alle fall eit av dei særs få gongane Mercury spelte inn heile songen i eit forsøk i studio. Det vart sagt i filmen at Mercury alltid insisterte på å lage musikken før dei byrja på vokalarrangementet, men innsåg at han hadde lite tid att og at det ikkje var tid til å gjere det på noko anna måte.

Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet. I Storbritannia var singelen òg tilgjengeleg i eit avgrensa CD-omslag med grønt papir, som likna ei julegåve.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, klaverinstrument Brian May - elektrisk gitar, klaverinstrument, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar

Musikkvideo Musikkvideoen, som vart skapt etter han døydde, var ein epitaf, der dei skriftlege merknadane Mercury hadde til songen, vart vist ved sidan av tidlegare bilete og klipp av Mercury.

Lister ListePlasseringAustralia (ARIA Singles Chart)71Den austerrikske singellista23Den tyske singellista62Den nederlandske singellista25Den sveitsiske singellista28UK Singles Chart6

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Winter's Tale (Queen song)» frå , den 31. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Queen-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Psykedeliske rockesongar Kategori:Rockeballadar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå 1995 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury