Mr. Bad Guy er det første soloalbumet til Queen-songaren Freddie Mercury. Albumet kom ut i 1985 i ei tid då Queen tok ein pause i studio. Det inneheld elleve songar, alle skrivne av Mercury. Albumet vart dedisert til «katten min Jerry—og Tom, Oscar og Tiffany, og alle katteelskarar i universet - alle andre kan dra til helvete».
Musikken på albumet er inspirert av disco og dansemusikk. Det skilde seg frå typiske Queen-album, som var meir rockeprega. Albumet tok nesten to år å spele inn, sidan Mercury måtte samle nok songar, samstundes som han var oppteken med bandet. I starten var det meininga at albumet skulle ha med duettar mellom Mercury og Michael Jackson. Dei spelte inn «There Must Be More to Life Than This», men Mercury avslutta samarbeidet då han syns det ukomfortabelt å arbeide medan lamaen til Jackson var i studio. Innspelinga var krevjande for Mercury sidan han tok del i alt frå innspelinga til å vere lydteknikar for å få den ønska effekten. Mercury brukte syntheziserar og orkestrerte kvart spor.
Songen «Living on My Own» vart gjeven ut på ny i 1993 i ein remixa versjon av No More Brothers, medan «I Was Born to Love You» og «Made in Heaven» seinare vart omarbeidde av dei tre attverande Queen-medlemmane og gjevne ut på Made in Heaven. Albumet til Mercury skulle opphavleg heite Made in Heaven.
Innhald
Medverkande Freddie Mercury – vokal, piano, synthesiser Fred Mandel – meir piano, synthesiser, gitar Paul Vincent – sologitar Curt Cress – trommer Stephan Wissnet – bassgitar Jo Burt – bandlaus bass på «Man Made Paradise» Rainer Pietsch – arrangement for «Mr. Bad Guy» Mack og Stephan Wissnet – Fairlight CMI, trommeprogrammering Mack, assisted by Stephan Wissnet – lydteknikar The Artful Dodger – plateomslag A. Sawa – fotografi
Lister LandLister PlasseringVekerStorbritannia623Sveits146Japan2021Nederland2011Austerrike234USA1597
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mr. Bad Guy» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Freddie Mercury-album Kategori:Debutalbum frå 1985 Kategori:Album produserte av Reinhold Mack Kategori:Columbia Records-album