«Barcelona» er ein singel av Queen-vokalisten Freddie Mercury og opera-sopranen Montserrat Caballé. Songen vart gjeven ut på samarbeidsalbumet deira, Barcelona, og finst òg på Queen-albumet Greatest Hits III.

Songen syner kjærleiken Mercury hadde for opera med dei lyste notane hans og operavokalen til Caballé, akkompagnert av fullt orkester. «Bracelona» kom først ut som singel i 1987. Han var ein av dei største hittane i solokarrieren til Mercury, og nådde åttandeplassen på UK Singles Chart. Etter at Mercury døydde i 1991 vart songen nytta som kjenningsmelodi under sommar-OL 1992 og klatra då enno høgare, til andreplassen i Storbritannia, Nederland og New Zealand.

Historie Mercury hadde lenge vore fan av opera, og særleg av songaren Montserrat Caballé. I 1986 nemnte han på spansk fjernsyn at han hadde lyst å treffe ho personleg. Dei hadde eit venleg møte i Barcelona i februar 1987. Seinare, då byen vart vald som vertsby for sommar-OL 1992, vart Caballé, som var frå byen, spurt om å produsere ein song for leikane. Ho spurte så Mercury om han ville vere med på prosjektet. Mercury vart entusiastisk og istaden for å spele inn ein singel, føreslo ho å spele inn eit heilt album, noko Mercury gjekk med på.Freestone, s. 105 Songen «Barcelona» måtte vere opningssongen og måtte vere ferdig i 1988, og sendast inn som ein kandidat til OL-temaet i 1992.Freestone, s. 107 Innspelinga var komplisert på grunn av dei mange planane til Caballé. For å spare ho tid, spelte Mercury derfor inn songen, og song hennar parti i falsett. Han sendte lydbandet til Caballé for å førebu henne for den felles innspelinga deira i studio.Freestone, s. 108

Songen Songen vart skriven av Mercury og Mike Moran, som òg er med i videoen til songen og spelar piano og alle klaverinstrument.Queen Songs – The Book: Freddie Mercury. Queensongs.info. Henta 1. august 2016. Songen opnar med ein orkesterintroduksjon, som tonar ut og vert etterfølgt av Mercury og Caballé som syng kvar si sololinje, som stundom glir over i ein duett. Når «Barcelona» vert sungen, i tillegg til eit par andre stader i songen, har Mercury lagt spor på spor med stemma si for å skape eit stort kor. Mercury fører songen, medan Caballé skapar ein mektig «bakgrunnssopran». Sidan Caballé dekkjer sopran-delen, syng Mercury i den naturlege barytonstemma si, i staden for tenor, som var vanleg på mange av innspelingane hans.

Songen har blitt skildra som eit sjeldan lærebokdøme på kombinasjonen av pop og opera, der ein har lagt vekk på skilnadane deira. Mercury artikulerer kvart ord, medan Caballé fokuserer på tonen, og linjene hennar er mykje vanskelegare å forstå. I tillegg syng ho både på engelsk og spansk. Mercury var visstnok forbløffa over kor godt Caballé klarte å kontrollere stemma si. Til dømes måtte han sjølv ta eit steg bort frå mikrofonen for å styre stemmeintensiteten, medan ho ikkje rørte seg i det heile.Freestone, s. 109

Versjonar I 2000 kom The Solo Collection med ein tidleg versjon av songen med ein annan tekst.

Medverkande Freddie Mercury - vokal, arrangement Montserrat Caballe - vokal Mike Moran - klaverinstrument, programmering, arrangement Homi Kanga - fiolin Laurie Lewis - fiolin Deborah Ann Johnston - cello Barry Castle - horn Frank Ricotti - perkusjon

Lister LandPlasseringPeriodeVeker på listaPlasseringPeriodeVeker på listaAustraliaCharts Australia/France/Nederland/New Zealand /Sweden/Switzerland. Henta 28. februar 20114216–23 Aug 19922France 629 Aug – 5 Sep 19929TysklandDie ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche. musicline.de. Henta 30. juni 2016.4725–31 Jan 19885IrlandThe Irish Charts8 ~5 Nov 198733 ~6 Aug 19928 Nederland3728 Nov – 5 Dec 19879229 Aug – 12 Sep 199216New Zealand29–16 Aug 19927Sverige1520 Jan – 3 Feb 198831219 Aug – 2 Sep 19924Sveits830 Aug – 6 Sep 199213UKQueen International Singles Chart Positions. Pcpki.com. Henta 30. juni 2016.814–21 Nov 19879215–29 Aug 1992Freddie Mercury And Montserrat Caballe – Barcelona {1992}. Chart Stats (1992-09-26). Henta 1. august 2016.8

mini|La Nit-festivalen i Barcelona, 8. oktober 1988, den siste konserten til Freddie Mercury.

Songen vart framført live for første gongen i mai 1987, ved Ibiza-festivalen, på nattklubben Ku (i dag Privilege Ibiza, den «største nattklubben i verda»).Freestone, s. 126 Den neste framsyninga var 8. oktober 1988, under friluftsfestivalen La Nit i Barcelona, som vart halden då det olympiske flagget kom til byen frå Seoul. Mercury og Caballé stod saman på scenen med tre songar, «Barcelona», «How Can I Go On» og «The Golden Boy».Freestone, s. 127Freddie Mercury Biography. hotshotdigital.com. Henta 1. august 2016. Dette var siste gongen Mercury stod på scenen, då han var byrja å merka AIDS-sjukdommen han hadde.Freddie Mercury: biography . Freddie.ru. Henta 1. august 2016. Mercury døydde i 1991, og innspelinga av songen vart spelt under opningsseremonien til sommar-OL 1992.

Før starten på finalen i Meisterligaen i 1999 mellom Manchester United og Bayern München, som vart spelt på Camp Nou stadion i Barcelona, framførte Caballé «Barcelona» live, akkompagnert av Mercury som dukka opp på skjermane kring stadion.Queen's Greatest Hits 3, BBC, 22. mars 2005

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Barcelona (song)» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen (frå Greatest Hits III)

Kategori:Songar frå 1987 Kategori:Sommar-OL 1992 Kategori:Olympiske kjenningsmelodiar Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Freddie Mercury-songar Kategori:Songar om byar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Michael Moran