Live at the Rainbow '74 er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Queen. Det vart gjeve ut i september 2014 på ein enkel CD, dobbel-CD, DVD, SD Blu-ray og firedobbel vinylplate, i tillegg til ein boks med reproduksjon av erindringar frå turneen. Den enkle plata og videoutgåva inneheld ein konsert frå Sheer Heart Attack-turneen, spelte inn i Rainbow Theatre i London den 19. & 20. november 1974, medan den doble CD- og vinylutgåva inneheld ein konsert i tillegg frå Rainbow tidlegare på året, den 31. mars. Den sistnemnde konserten var ein del av Queen II-turneen. DVDen og Blu-ray-plata inneheld fire bonusspor frå den tidlegare Queen II-konserten. Ein halvtime med filmklipp frå begge november-konsertane vart vist på kinoar i 1970- og 1980-åra som opningsfilm til konsertfilmar av Led Zeppelin og Pink Floyd, i tillegg til Haisommer 2 på britiske kinoar. Fleire klipp frå novemberkonsertane vart seinare gjevne ut på VHS som ein del av boksen Box of Tricks i 1992.

Innhald

Enkel CD/DVD/SD Blu-ray (novemberkonserten)

DVD/SD Blu-ray Bonus (marskonserten)

Dobbel-CD/Kvadruppel vinyl

Disk ein (Queen II-turneen)

Disk to (Sheer Heart Attack-turneen)

Dobbel vinylutgåve LP 1 (Queen II-turneen)

LP 2 (Sheer Heart Attack-turneen)

Medverkande Freddie Mercury – solovokal, piano, rangleboks på «The Fairy Feller's Master-Stroke» Brian May – gitar, vokal, ukulele på «Bring Back That Leroy Brown» Roger Taylor – trommer, perkusjon, vokal John Deacon – bassgitar, triangel på «Killer Queen»

Lister Liste (2014) PlasseringItalian Albums (FIMI)15US Billboard Music Video Sales2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Live at the Rainbow '74» frå , den 2. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Queen-album Kategori:Konsertalbum frå 2014 Kategori:Virgin Records-album Kategori:Hollywood Records-album