Heidi Marie Tjugum () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skoger som vart europameister 1998 og verdsmeister 1999 med Noreg. Ho vann elles OL-sølv 1992 og OL-bronse 2000, to EM-sølv og eitt VM-sølv i tida 1992-2002. Tjugum, som var målvakt, er som klubbspelar best kjend for sine år i Bækkelaget SK og danske Viborg HK.
Karriere Landslagsspel Tjugum debuterte på det norske landslaget mot Sør-Korea 18. februar 1992 i Bodø. Hausten det året var ho med som tredjemålvakt då Noreg tok sølv etter finaletap mot nettopp Sør-Korea under Sommar-OL i Barcelona. Ho fekk ikkje plass i VM-troppa 1993, ei heller EM-troppa 1994. Frå 1996 byrja ho å spele ei viktigare rolle på landslaget, og under EM 1996 i Danmark vart ho kåra til beste målvakt i ein meisterskap som endå med finaletap mot vertslandet. Då Noreg tok sin fyrste internasjonale triumf ved Handball-EM 1998 storspelte Tjugum i finalen mot Danmark, ein kamp som enda med 24-16. Året etter gjorde ho solid innsats då Noreg vann VM på heimebane, men det var Cecilie Leganger som vakta målet i finalen mot Frankrike. Tjugum vart kåra til beste målvakt under Sommar-OL 2000, ei turnering der Noreg vann bronse. Ho var korkje med i EM 2000 eller VM 2001, men var fyrstemålvakt då Noreg i 2002 på ny tapte ein EM-finale i Danmark mot vertslandet. Tjugum spelte sin 175. og siste landskamp i 2003.
Klubbspel Tjugum spelte på Glassverket IF til 1991. Ho melde då overgang til Bækkelaget SK, eit lag ho spelte på til 1997. Etter indre strid i oslolaget, reiste ho til Viborg HK i Danmark, der ho vart verande i seks sesongar. Frå 2003 til -05 spelte Tjugum på Nordstrand IF i Oslo, deretter trente ho Gjøvik/Vardal ei tid, frå 2007 til 2010 var ho målvakt i Storhamar IL.
Merittar OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark VM 2003: Nr 6 med Noreg Vinnar av EHF-pokalen: 1999 for Viborg Norsk seriemeister: 1992 og 1995 for Bækkelaget (2) Dansk seriemeister: 1999-2002 for Viborg (4) Norsk cupmeister: 1991 for Bækkelaget Finalist i meisterligaen: 2001 med Viborg
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heidi Tjugum» frå , den 6. august 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Folk frå Drammen