Derrick Adkins () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå New York som vart verdsmeister 1995 og olympisk meister 1996 i 400 meter hekk.

Aktiv Adkins slo gjennom i 1991-sesongen, då han vann 400 meter hekk under universiaden i Sheffield og vart sjettemann i VM i Tokyo. To år seinare kom han på sjuandeplass i Stuttgart-VM.

Hans fyrste store meisterskapstriumf kom i 1995 under VM i Göteborg, der han vann gullmedaljen på langhekken fem hundredelar framom zambiaren Samuel Matete. Under Sommar-OL 1996 i Atlanta stod gullstriden atter mellom Adkins og Matete, og nok ein gong vann Adkins. Med livsbeste 47,54 sekund hadde han eit forsprang på 24 hundredelar av ei sekund.

Adkins siste internasjonale meisterskap vart VM 1997, der han rauk ut i semifinalane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Nr 6 på 400 m hekk – 49,28 VM 1993 i Stuttgart: Nr 7 på 400 m hekk – 49,07 VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 47,98, framom Samuel Matete (48,03) OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 47,54, framom Samuel Matete (47,78) VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane (nr 14 – 48,95)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Derrick Adkins» frå , den 13. august 2016.

World Athletics

Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996