Fjellbjørk eller arktisk bjørk (Betula pubescens ssp. czerepanovii) er eit lauvtre i bjørkeslekta. Planten blei tidlegare rekna som ein egen art (Betula tortuosa), men blir no klassifisert som ein variant (Betula pubescens var czerepanovii) eller underart (Betula pubescens ssp. czerepanovii) av vanleg bjørk (dunbjørk). mini|venstre|Blad av fjellbjørk om hausten
Fjellbjørk veks i fjellregionar i heile Sør-Noreg, i Nord-Noreg også i låglandet. I Norden veks ho i Finland, Sverige, Noreg og på Island. Ho dannar tregrensa mot snaufjellet mange stader.
Bjørka kan bli opptil 8 meter høg. Ho er motstandsdyktig mot frost og vind i fjellet, der ho tek form etter terrenget. Stammen kan vera forvridd og heile krona kan ha form av anten tre eller busk, til dels nesten krypande. Blada er tjukke, og om hausten får dei ein gulraud farge.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fjellbjørk» frå , den 18. august 2016. oppgav desse kjeldene: Lie, Johannes og Dagny Tande, Norsk flora, versjon 2007, 7.utgaven. ISBN 978-82-521-6029-1. Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk red.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bjørkeslekta Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Plantar i Finland Kategori:Plantar i Sverige Kategori:Plantar på Island