Tore Skeie () er ein norsk historikar, sakprosaforfattar og kritikar. Han er kjend som forfattar av artiklar og bøker med tema frå norsk mellomalder.
Skeie debuterte i 2009 med boka Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang på Spartacus Forlag i Oslo, etter å ha vunne konkurransa om det beste historiske bokmanuskriptet som dette forlaget hadde lyst ut. Boka vart særs godt motteke av kritikarane. Den andre boka av Skeie, Jomfruen fra Norge, som kom ut i 2012, fekk likeeins særs god omtale. Denne boka vart nominert til kritikarprisen (Den norske Kritikerprisen for litteratur) i kategorien for sakprosa.
Skeie er òg kjend som spaltist og bokmelder i dagsavisa Klassekampen.
Bibliografi 2009 – Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang 2012 – Jomfruen fra Norge 2018 - Hvitekrist. Om Olav Haraldsson og hans tid
Bakgrunnsstoff Tore Skeie på Spartacus' presentasjon av sine forfattarar
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske historikarar