mini|Valerie Brisco i 2016 Valerie Ann Brisco, ei tid gift Valerie Brisco-Hooks, () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Greenwood i delstaten Mississippi. Ho vann tre gullmedaljar i ulike sprint-tevlingar under Sommar-OL 1984 i Los Angeles.

Aktiv Brisco vart historisk då ho under OL 1984 i Los Angeles vart den fyrste kvinna som vann olympisk gull både på 200 meter og 400 meter. På 400 m vann ho på tida 48,83 sekundar, landskvinna Chandra Cheeseborough kom inn på 49,05 og syrgde for dobbeltsiger til USA. Tre dagar seinare vann Brisco 200 m på tida 21,81 sekundar, landskvinna Florence Griffith tok sølvet på 22,04. Begge Brisco-Hooks sine tider var olympiske rekordar og samstundes hennar personlege rekordar på distansane. Til sist i meisterskapen deltok ho saman med Lillie Leatherwood, Sherri Harrison og ankerkvinna Cheeseborough på USA sitt stafettlag som vann gull i 4 x 400 meter stafett, nesten tre sekundar framom Canada.

Under friidretts-VM 1987 i Roma sprang Brisco-Hooks den tredje etappen på det USA-amerikanske stafettlaget som tok bronse, slått av Aust-Tyskland og Sovjetunionen. Året etter vart ho nummer fire på 400 meter då Sommar-OL 1988 fann stad i Seoul, og ho var med på det USA-amerikanske stafettlaget som tok sølv på 4 x 400 meter. I den stafetten sprang både vinnarlaget Sovjetunionen og USA fortare enn den gamle verdsrekorden til Aust-Tyskland.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1984 i Los Angeles: Gullmedaljar på 200 m – 21,81 og 400 m – 48,83 og i 4 x 400 m stafett (3.18,2) VM 1987 i Roma: Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett (3.21,0) OL 1988 i Seoul: Nr 4 på 400 m – 50,16, sølvmedalje i 4 x 400 m stafett (3.15,5)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Valerie Brisco-Hooks» frå , den 21. august 2016.

Bakgrunnsstoff

World Athletics

Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988