Olle Laessker () var ein svensk friidrettsutøvar som var medlem av Jönköpings AIF og seinare Gävle SGF.
Aktiv Laessker var aktiv frå 1942 til 1947. Han vart svensk meister i lengdehopp både i 1946 og 1947. Den 18. juli 1946 sette han svensk rekord med eit hopp på 7,50 meter.
Under EM i friidrett 1946 på Bislett stadion i Oslo vann Laessker lengdetevlinga med sine 7,42 meter, to centimeter framom sveitsaren Lucien Graff. Dagen etter, den 25. august, vann det svenske mannskapet 4 x 100 meter stafett på tida 41,5 sekundar, fem tidels sekund framfor Frankrike. Det svenske vinnarlaget bestod av Stig Danielsson, Inge Nilsson, Olle Laessker og Stig Håkansson; Laessker vart dermed den einaste mannlege utøvaren som tok to gull i meisterskapen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Olle Laessker» frå , den 24. august 2016.
World Athletics
Kategori:Svenske lengdehopparar Kategori:Svenske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sverige