No Prayer for the Dying er det åttande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Albumet markerer den første endringa i besetninga til bandet sidan 1982. Gitaristen Adrian Smith slutta under førproduksjonfasen då han var misnøgd med den musikalske retninga bandet tok. Etter å berre ha bidrege med ein enkel song, «Hooks in You», vart Smith erstatta av Janick Gers. Gers hadde tidlegare arbeidd med songaren Bruce Dickinson på det første soloalbumet hans, Tattooed Millionaire, i tillegg til å ha arbeidd med Ian Gillan, den tidlegare Marillion-songaren Fish, og new wave of British heavy metal-bandet White Spirit.

Sjølv om albumet generelt fekk middels til dårleg kritikk, nådde det andreplassen på UK Albums Chart og inneheld den einaste singelen deira som nådde toppen av UK Singles Chart, «Bring Your Daughter... to the Slaughter».

Bakgrunn mini|venstre|upright|Gitaristen Janick Gers erstatta Adrian Smith før innspelinga av albumet.

Albumet tok eit steg til side for den synthesizer-prega progrock-retninga bandet hadde teke på dei to førre studioalbuma sine, Somewhere in Time i 1986 og Seventh Son of a Seventh Son i 1988, og bestod av ein «enklare», meir beintfram stil som minna om dei tidlege albuma deira. Bruce Dickinson syng songane med ei meir grov stemme og ikkje den same opera-aktige vokalen han hadde nytta sidan 1980-åra. Ideen var å lage eit album som var meir på «gatenivå», og inspirerte bandet til å spele inn albumet i ein låve på eigedomen til bassisten Steve Harris i Essex, ved hjelp av Rolling Stones Mobile Studio. Dette vart dermed det første Iron Maiden-albumet som vart spelt inn i heimlandet sidan The Number of the Beast i 1982. Dickinson meiner at ideen var ein feil og sa «Det var drit! Albumet høyrdest dritdårleg ut, og eg ønskjer at me ikkje hadde gjort det på den måten. På den tida var eg like skulding som alle andre, og sa 'Åh flott, me er alle dekte i gras!».

Albumet skilde seg òg frå dei litterære og historiske tekstane og var meir politiske, med songar som fokuserte på religiøs utnytting (som på den første singelen «Holy Smoke») og samfunnsproblem («Public Enema Number One»). No Prayer for the Dying er det einaste albumet til Iron Maiden som ikkje har ein einaste song lengre enn seks minuttar og det andre med bannord i teksten (etter debutalbumet). Det var òg den første utgjevinga deira på Epic Records i USA, etter at bandet forlét Capitol Records, men det vart seld via EMI i alle område utafor USA. Trass i at albumet gjorde det bra i dei fleste landa, særleg i Storbritannia der det nådde andreplassen på albumlista, vart dette det siste albumet deira som selde til gullplate i USA.

No Prayer for the Dying inneheld hitten «Bring Your Daughter... to the Slaughter», som vart den einaste singelen deira som nådde toppen av singellista i Storbritannia, trass i at han vart bannlyst av BBC. Det er ein ironisk song skriven av Dickinson og opphavleg spelt med solobandet hans for filmmusikken til A Nightmare on Elm Street 5: The Dream Child. Harris meinte det var ein song som «passa veldig bra for Maiden» og bandet spelte han inn på ny.

Etter at Dickinson slutta i Iron Maiden i 1993, er songane frå No Prayer for the Dying stort sett ikkje blitt spelt på konsertane deira. Einaste unntaket er «Bring Your Daughter... to the Slaughter» som vart spelt på sommarturneen til bandet i 2003.

No Prayer on the Road var namnet på turneen etter albumet.

Plateomslaget Det finst to versjonar av omslaget. Det originale få 1990 syner Eddie som kjem opp av grava si og tar gravaren rundt halsen. Sidan bandmanageren Rod Smallwood mislikte figuren, bad han kunstnaren Derek Riggs om å fjerne han frå omslaget til utgåva frå 1998, medan det originale omslaget er nytta på sjølve disken. I tillegg vart det lagt til ein inskripsjon på grava, som Riggs opphavleg hadde lete stå tom, slik at bandet kunne skrive inn det dei ønskte, og les «After the Daylight, The Night of Pain, That is not Dead, Which Can Rise Again.»

Mottaking

Albumet har generelt fått middels til dårleg kritikk, og AllMusic sa «låtane held ikkje mål samanlikna med klassikarar som Killers eller Number of the Beast» og «heilskapen held ikkje mål samanlikna med hittane.» Sputnikmusic var like negativ og skreiv «No Prayer for the Dying er ein enkel, likeglad plate som aldri kjem i gang.»

Innhald

Amerikansk bonusspor

Bonus-CD med 1995-utgåva

Medverkande Henta frå AllMusic og plateomslaget. Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar Nicko McBrain – trommer Andre musikarar Michael Kenney – klaverinstrument Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing Mick McKenna – assisterande lydteknikar Les Kingham – assisterande lydteknikar Chris Marshall – assisterande lydteknikar, miksing Derek Riggs – illustrasjon Ross Halfin – fotografi Rod Smallwood – management Andy Taylor – management Hugh Gilmour – kunstnarisk leiar, design (1998-utgåva) Sarah Polglase – prosjektmanager (1998-utgåva)

Lister

Album LandListe (1990)Plassering Australia ARIA Charts 23 Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 19 Finland Den finske albumlista 3 Tyskland Media Control Charts 7 Japan Oricon 16 Nederland MegaCharts 31 New Zealand RIANZ 17 Noreg VG-lista 4 Sverige Sverigetopplistan 6 Sveits Hitparade 11 Storbritannia Offisiell albumliste 2 USA Billboard 200 17 LandListe (1991)Plassering Sveits Hitparade 37

Singlar Singel Liste (1990) Plassering »Holy Smoke» Irish Singles Chart 4 Den sveitisiske singellista 20 UK Singles Chart 3 Singel Liste (1990) Plassering «Bring Your Daughter... to the Slaughter» UK Singles Chart 1 Singel Liste (1991) Plassering «Bring Your Daughter... to the Slaughter» Irish Singles Chart 6 Den sveitisiske singellista 19 UK Singles Chart 1

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «No Prayer for the Dying» frå , den 29. august 2016.

Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:Iron Maiden-album Kategori:Album produserte av Martin Birch Kategori:EMI Records-album Kategori:Engelskspråklege album