Fear of the Dark er det niande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det kom ut 11. mai 1992 og var det tredje studioalbumet deira som nådde toppen av den britiske albumlista, og det siste med Bruce Dickinson som vokalist før han kom attende i 1999.

Det var òg det første albumet som vart produsert av bassisten Steve Harris, og det siste der dei arbeidde med produsenten Martin Birch (som pensjonerte seg etter dette albumet).

Historie Etter innspelinga av føregangaren (No Prayer for the Dying i 1990) i ein låve på eigedomen til Steve Harris med Rolling Stones Mobile Studio, som førte til negative resultat, fekk Harris bygd om bygningen til eit skikkeleg studio (som fekk namnet «Barnyard»). Bruce Dickinson skildra resultatet som «hakket betre fordi Martin [Birch] kom inn og oversåg lyden. Men det var store avgrensingar i det studioet - rett og slett på grunn av den fysiske storleiken, og ting som det. Det vart ikkje så verst til slutt, men, du veit, litt under par.»

Bandet eksperimenterte noko med den musikalske stilen på albumet, som på «Be Quick or Be Dead», ein kjapp song som vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, og «Wasting Love», den første powerballaden til bandet, datert attende til det første soloalbumet til Dickinson, Tattooed Millionaire. Begge songane var skrivne av Dickinson/Gers, og stod i kontrast til Harris sin «Afraid to Shoot Strangers», ein politisk song sett frå synspunktet til ein soldat i Golfkrigen, Dickinson introduserte ofte songen som ein antikrigssong. «Fear is the Key» handlar om frykta som hadde oppstått i seksuelle forhold etter at AIDS kom på banen. Songen vart skriven på den tida då bandet fekk vite om at Queen-songaren Freddie Mercury var død av AIDS. Dickinson sa «Det er ei linje i 'Fear Is the Key' som går: 'nobody cares 'til somebody famous dies'. Og det er trist, men sant... Så lenge viruset var avgrensa til homoseksuelle eller dopmisbrukarar, så var det ingen som brydde seg. Det er først når kjendisar døyr at massane byrjar å bli uroa». «Weekend Warrior» handlar om hooliganisme.

Berre to songar på albumet, tittelsporet og «Afraid to Shoot Strangers», vart spelt etter turneen i 1993. «Fear of the Dark» har vore på setlista på alle turneane sidan, utanom i 2005, der bandet berre spelte songar frå dei fire første albuma, og var den einaste songen spelt på Somewhere Back in Time World Tour og Maiden England World Tour (anna enn «Afraid to Shoot Strangers») som ikkje var frå 1980-åra. «Afraid to Shoot Strangers» vart ofte spelt på konsertane medan Blaze Bayley var i Iron Maiden, og kom attende i 2012.

«Be Quick or Be Dead», «From Here to Eternity» og «Wasting Love» vart gjevne ut som singlar.

Fear of the Dark Tour var turneen etter albumet.

Plateomslag I følgje bandbiografen Mick Wall, syner omslaget til Fear of the Dark maskoten deira, Eddie, «som ein slags Nosferatu-trefigur som gløtter vondt mot månen». Det var det første omslaget til bandet som ikkje vart designa av kunstnaren Derek Riggs, då bidraget til Melvyn Grant vart føretrekt føre Riggs sitt forslag. I følgje Iron Maiden-manageren, Rod Smallwood, aksepterte bandet bidrag frå andre artistar fordi «me ønskte å oppgradere Eddie for 1990-åra. Me ønskte å ta han frå den svarte teikneserie- og skrekkfiguren og gjere han til noko meir endefram, slik at han vart enno meir trugande.» Etter Fear of the Dark, laga Grant fleire plateomslag for Iron Maiden, og vart den nest mest nytta kunstnaren til bandet etter Riggs.

Mottaking

Albuma fekk blanda kritikk, og AllMusic skreiv at «det er lett ei forbetring etter det matte No Prayer for the Dying (både musikalsk og lydmessig), men er ikkje på same nivå som dei ekspesjonelle platene deira frå 1980-åra.» Sputnikmusic var meir positive om utgjevinga go sa at «sjølv om mange av songane framleis er under par etter standarden deira... er bandet attende i høgda som dei har nytt gjennom heile 80-åra.» Billboard gav albumet positiv kritikk då det kom ut, og sa at røysta til Dickinson «ikkje syner teikn til slitasje» og gitaren «høyres frisk og klår ut».

I oktober 2011 vart Fear of the Dark rangert på åttandeplassen på lista til Guitar World over dei ti beste gitaralbuma frå 1992.

Fear of the Dark vart det tredje Iron Maide-albumet som nådde toppen av UK Albums Chart. Det var det mest suksessrike albumet deira i Nord-Amerika etter Nielsen SoundScan vart innført i 1991, med 438 000 selde kopiar fram til 2008.

Innhald

«Space Station No. 5» inneheld eit løynd spor kalla «Bayswater Ain't a Bad Place to Be» (tidlegare tilgjengeleg som eit løynd spor på den britiske singelen «Be Quick or Be Dead»)

Medverkande Frå plateomslaget: Iron Maiden Bruce Dickinson – vokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, produsent, miksing Nicko McBrain – trommer Andre musikarar Michael Kenney – klaverinstrument Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing Mick McKenna – assisterande lydteknikar Melvyn Grant – illustrasjon på omslaget George Chin – fotografi Phil Anstice – fotografi Rod Smallwood – management Andy Taylor – management Hugh Gilmour – kunstnarisk leiar, design (1998-utgåva)

Lister

Album LandListe (1992)Plassering Australia ARIA Charts 11 Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 8 Finland Den finske albumlista 4 Tyskland Media Control Charts 5 Ungarn Mahasz 25 Japan Oricon 11 Nederland MegaCharts 36 New Zealand RIANZ 4 Noreg VG-lista 6 Sverige Sverigetopplistan 8 Sveits Hitparade 5 Storbritannia Offisiell albumliste 1 USA Billboard 200 12 Land Liste (2010) Plassering Hellas IFPI Hellas 53

Singlar Singel Liste (1992) Plassering Album «Be Quick or Be Dead» Australian Singles Chart 47 Fear of the Dark Den belgiske singellista (Flandern) 47 Den nederlandske singellista 26 Den tyske singellista 32 Irish Singles Chart 10 New Zealand Singles Chart 12 VG-lista i Noreg 3 Sverigetopplistan 15 Den sveitisiske singellista 15 UK Singles Chart 2 «From Here to Eternity» Irish Singles Chart 27 UK Singles Chart 21 Singel Liste (1993) Plassering Album «Fear of the Dark» (Live) Irish Singles Chart 17 A Real Live One UK Singles Chart 8

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fear of the Dark av Iron Maiden» frå , den 31. august 2016.

Kategori:Musikkalbum frå 1992 Kategori:Iron Maiden-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Album produserte av Martin Birch Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia