Melodi Grand Prix 1963 var den fjerde utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK fekk inn 221 bidrag og plukka ut fem av dei til finalen 10. februar. Vinnaren blei «Solhverv» sunge av Jan Høiland med lite orkester og Nora Brockstedt med Kringkastingsorkestret. Vinnarlåta var komponert av Dag Kristoffersen. I den internasjonale finalen fekk Anita Thallaug oppgåva med å representere Noreg. «Solhverv» enda sist på ein delt 13. plass, utan poeng. Dette var første gong Noreg fekk 0 poeng i Eurovision Song Contest.
Sendinga NRK fekk tilsendt 221 bidrag, og ein eigen jury valde ut fem av dei til finalen. Juryen bestod av programsekretær Otto Nielsen, pianist Robert Levin og Turid Johansen frå NRK sitt platearkiv.«Mer 'sport' i TV søndag – Melodi Grand Prix-finale». A-magasinet. 9. februar 1963. s. 9.
Finalen gjekk av stabelen sundag 10. februar i Store Studio i Oslo, og Odd Grythe var programleiar. Bidraga blei først spelt av Jørg Petter Røeds ensemble, før dei blei spelt om att med nye artistar, akkompagnert av Kringkastingsorkestret under leiing av dirigent Øivind Bergh.
Blant artistane var kjende namn som Jens Book-Jenssen, Ray Adams og Nora Brockstedt, som deltok for fjerde år på rad. Miss Norway 1962, Beate Brevik, var også ein av artistane.
Som dei to førre åra, blei vinnarlåta vald ut av ein jury av fem mannlege Oslo-journalistar og dei respektive konene deira. «Solhverv» vann ein overlegen seier og fekk 22 poeng meir enn andreplassen.
Resultat Juryen bestod av ti personar som kvar gav frå 1 til 10 poeng til kvart bidrag. Resultatet blei som følgjer: Nr.TittelArtist, lite orkesterArtist, stort orkesterKomponist og tekstforfattarPoengPlass 1 «Vi slentret (langs en vårlig sti)» Jens Book-Jenssen Ray AdamsLars Christian Sande 54 3 2 «Drømmekjolen» Nora Brockstedt Anita ThallaugBjarne Amdahl og Edith Thronsen 50 4 3 «Solhverv» Jan Høiland Nora BrockstedtDag Kristoffersen 81 1 4 «Adjø» Anita Thallaug Beate BrevikSigurd Jansen 40 5 5 «Jakteskipperen» Ray Adams Jens Book-JenssenRolf Hansen og Bengt Berggren 59 2
Hendingar Også dette året reserverte NRK seg retten til å avgjere kven som skulle framføre vinnaren i den internasjonale finalen, som dette året blei halden i London. NRK baud først jobben til Nora Brockstedt, men ho takka nei på grunn av ein annan spelejobb. Rykta ville derimot ha det til at Brockstedt ikkje likte låta og frykta ei dårleg plassering i London.
Pressa var ikkje særleg positiv etter finalen. Aftenposten meinte finalen hadde «et visst gammelmodig preg» og la til at «samtlige fem komposisjoner kunne like gjerne vært skrevet for tredve år siden, og vi kan bare takke arrangørene for at det hele ikke ble en temmelig likegyldig forestilling».«'Solhverv' norsk finalist i Melodi Grand Prix». Aftenposten. 11. februar 1963. s. 5. VG var også lite imponert og konkluderte med at finalen «bragte fem melodier uten særlige vinnersjanser i den europeiske finale i London».«– Første gang i mitt liv at jeg har skrevet en slager». Verdens Gang. 11. februar 1963. s. 22.
Vinnarkomponisten sjølv, Dag Kristoffersen, var overraska over sigeren: «Jeg har aldri komponert en slager før, skrevet noen småting til kor har jeg jo, men aldri følt meg kallet som slagerkomponist.» sa han til VG dagen etter finalen.
Ingen av songane kom på hitlistene, og Anita Thallaug spelte heller aldri inn melodien på plate. «Solhverv» blei bare spelt inn av Jan Høiland, og låta er truleg ein av dei minst kjende Melodi Grand Prix-vinnarane gjennom tidene.Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum I».
Fotnotar
Kategori:Melodi Grand Prix Kategori:Melodi Grand Prix 1963-songar Kategori:Hendingar i 1963 Kategori:1963 i Noreg