Tatjana Vladimirovna Samolenko, fødd Khamitova og ei tid gift Dorovskikh (), er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen, til sist Ukraina. Frå 1986 til 1992 høyrde ho med i verdseliten på 1500 meter og 3 000 meter. Ho vann til saman tre gullmedaljar i verdsmeisterskapane 1987 og 1991 og vart olympisk meister på 3 000 m i 1988.
Aktiv Samolenko fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1986-sesongen med sølv på 1500 m ved friidretts-EM i Stuttgart, klart slått av landskvinna Ravilja Agletdinova og hårfint framom Doina Melinte frå Romania. Vinteren 1987 vann ho 3 000 m ved innandørs-VM i Indianapolis. Og under verdsmeisterskapen i Roma i byrjinga av september 1987 vart ho dobbeltmeister. Fyrst sigra ho på 3 000 meter, sju tidels sekund føre rumenske Maricica Puică, og sidan sette ho meisterskapsrekord med 3.58,5 på 1500 m, hardt pressa av austtyske Hildegard Körner som fekk notert 3.58,6.
I dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul tok Samolenko gullmedaljen på 3 000 meter, etter å ha vunne spurten mot rumenske Paula Ivan, og ho fekk bronsemedaljen på 1500 meter. Etter å ha vorte mor i 1990 kom ho tilbake og vann 3 000 meter framfor Jelena Romanova ved VM 1991 i Tokyo, før ho sikra seg sølvmedaljen på 1500 meter, der einast Hassiba Boulmerka frå Algerie vart for sterk. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona bytta ho og Romanova plass på sigerspallen etter 3 000 m, Romanova kom då fyrst i mål og Samolenko-Dorovskikh vart sølvmedaljør. Trass i personleg rekord med 3.57,9 på 1500 m enda Dorovskikh på fjerdeplassen i siste OL-løp.
Doping 1993 vart Tatjana Dorovskikh teken for doping og stengd ute i to år. Ho kom aldri tilbake på friidrettsbana.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje på 1500 m – 4,02,3, nr 5 på 3 000 m – 8.40,3 VM 1987 i Roma: Gullmedaljar på 1500 m – 3.58,5, og 3 000 m – 8.38,7 OL 1988 i Seoul: Gull på 3 000 m – 8.26,5, og bronse på 1500 m – 4.00,3 VM 1991 i Tokyo: Gull på 3 000 m – 8.35,8, og sølv på 1500 m – 4.02,5 OL 1992 i Barcelona: Sølv på 3 000 m – 8.46,8, bak Jelena Romanova (8.46,0), nr 4 på 1500 m – 3.57,9
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tetjana Samolenko-Dorowskych» frå , den 7. september 2016.
Bakgrunnsstoff World Athletics Tatjana Samolenko ved olympic.org
Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992