Plognebb (Eulacestoma nigropectus) er ein Oscines-sporvefugl. Han var tidlegare trudd å vere ein medlem av plystrarfamilien, men er nyleg sett inn i sin eigen familie Eulacestomatidae. Han er endemisk for Ny-Guinea.

Skildring Plognebb er ein liten, ca. 13–14 centimeter lang, olivenbrun sporvefugl med eit kraftig, tjukt lateralt samantrykt og kileforma, svart nebb, som brukast til å pløye inn i daude greiner, bork og kvistar i jakta på insektføde. Kjønna er ulike. Hannen har svart underside, svarte venger og ein stor rund rosa hudflik på kinnet. Panna er meir gylden enn resten av hovudet. Hofuglen har olivengrøn fjørdrakt og bleik olivenfarge på undersida. Berre vaksne hannar har hudflikar.

Habitata ligg i skog, ofte med bambus i høgder på mellom 1950 og 2850 moh. i det indre av Ny-Guinea.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wattled Ploughbill» frå , den 9. september 2016. Referansar

Bakgrunnsstoff Bilete på flickr.com

Kategori:Sporvefuglar Kategori:Dyr på Ny-Guinea Kategori:Fuglar endemiske for Ny-Guinea