Robert John Arthur «Rob» Halford () er ein engelsk songar og låtskrivar, som er mest kjend som vokalisten i heavy metal-bandet Judas Priest. Han har ei mektig, opera-aktig røyst. AllMusic sa om Halford: «Det har vore få andre vokalistar i historia innan heavy metal som har ein syngjestil som er så innverknadsrik og lett gjenkjenneleg», med ei røyst som «utan problem svingar mellom guttural brumming til øyredøyvande falsett». Halford vart sett på 33. plassen på lista til Planet Rock-lyttarane i 2009 over dei beste vokalistane gjennom tidene. I tillegg til arbeidet sitt med Judas Priest har han vore involvert i fleire sideprosjekt, som Fight, 2wo og Halford. I 1998 stod han fram som homofil, den første songaren innan heavy metal som gjorde dette.
Halford slutta i Judas Priest i 1991, men kom attende til bandet i 2003.
Halford har òg sunge med Black Sabbath på tre konsertar. Han erstatta Ronnie James Dio for to konsertar i november 1992 og igjen for Osbourne i august 2004. Han har òg ei stemme i videospelet Brütal Legend i 2009, der han har røysta til General Lionwhyte, i tillegg til leiaren av Fire Barons.Decibel Magazine 2009-04-19 I 2002 hadde Halford ei lita rolle i filmen Spun.
Diskografi Judas Priest Rocka Rolla (1974) Sad Wings of Destiny (1976) Sin After Sin (1977) Stained Class (1978) Killing Machine (1978) (gjeve ut som Hell Bent for Leather i USA 1979) Unleashed in the East (1979) British Steel (1980) Point of Entry (1981) Screaming for Vengeance (1982) Defenders of the Faith (1984) Turbo (1986) Priest...Live! (1987) Ram It Down (1988) Painkiller (1990) Angel of Retribution (2005) Nostradamus (2008) A Touch of Evil: Live (2009) Redeemer of Souls (2014)
Fight K5 – The War of Words Demos (1992) (gjeve ut i 2007) War of Words (1993) Mutations (1994) A Small Deadly Space (1995)
2wo Voyeurs (1998)
Halford Resurrection (2000) Live Insurrection (2001) Crucible (2002) Live in Anaheim (2003) (released in 2010) Halford III: Winter Songs (2009) Halford IV: Made of Metal (2010)
Som gjesteartist Krokus – Headhunter – vokal på «Ready to Burn» (1983) Surgical Steel – Surgical Steel (demo), vokal på «Smooth And Fast» (1984) Hear 'n Aid (1986) Ugly Kid Joe – America's Least Wanted – korvokal på «Goddamn Devil» (1992) Skid Row – B-Side Ourselves – vokal på «Delivering the Goods» på eit konsertopptak (1992) Korvokal på songen «Hex 'n' Sex» for albumet med same namn av det tyske bandet Brings (1993) Bullring Brummies, eit studioband som kom saman for Nativity in Black ei hyllest til Black Sabbath (1994). Spelte inn songen «Light comes out of Black» med Pantera for Buffy the Vampire Slayer (1992) Queens of the Stone Age – Rated R – vokal på «Feel Good Hit of the Summer» (2000) Furious IV – Is That You? (2002) Spun film (2002) – «Pornclerk» Brütal Legend (2009) – røysta til General Lionwhyte, som er sterkt basert på glam metal-kulturen. Five Finger Death Punch-albumet The Wrong Side of Heaven and the Righteous Side of Hell, Volume 1 (2013) – vokal på «Lift Me Up», fr Revolver Golden God Awards (2013). The Simpsons – song ei utgåve av «Breaking the Law» i episoden «Steal This Episode» (2014).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rob Halford» frå , den 10. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Rob Halford-intervju med Metalpaths.com 2010 Den offisielle nettsida til Judas Priest Rob Halford-intervju med Chaos Control Rob Halford-intervju med Music Business Radio Intervju med Revenge of Riff Raff
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske heavy metal-songarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Homofile musikarar Kategori:Judas Priest-medlemmar Kategori:Musikarar frå Birmingham Kategori:Folk frå Walsall