David «Dave» Holland () var ein engelsk rocketrommeslagar som er best hugsa for perioden med Trapeze frå 1969 til 1979 og Judas Priest frå 1979 til 1989.

Biografi

Holland byrja i Finders Keepers i august 1968. Dette utvikla seg etter kvart til Trapeze. I 1979 og 1980 spelte Holland trommer for soloalbuma til Justin Hayward, Songwriter og Night Flight.

Holland slutta i Trapeze og byrja i Judas Priest i august 1979. Han spelte trommer på mange av dei bestseljande albuma til bandet, som British Steel, Screaming for Vengeance, Defenders of the Faith og Turbo. I 1989 førte personlege problem og musikalske skilnader til at Holland slutta i Judas Priest. Han vart erstatta av den opphavlege Saints Or Sinners-trommeslagaren Scott Travis.

Gjennom 1990-åra spelte han ei kort stund med eit gjensameint Trapeze og i lag med forskjellige band som The Screaming Jets.

I 2004 vart Holland dømd for valdtektsforsøk og fleire usømmelege overfall mot ein 17 år gammal gut med lærevanskar som han hadde gjeve trommetimar til. Under rettssaka avslørte Holland at han var biseksuell. Han vart dømd til åtte år i fengsel. På grunn av dette valde Black Sabbath-gitaristen Tony Iommi å erstatte trommene til Holland på The 1996 DEP Sessions fordi han ikkje ønskte ein dømd sexforbrytar på albumet. Holland har heile tida halde fast på at han var uskuldig.

Diskografi

Med The Liberators Ein singel, gjeve ut i 1965

Med Finders Keepers «Sadie, The Cleaning Lady» (singel)

Med Trapeze Trapeze (1970) Medusa (1970) You Are the Music...We're Just the Band (1972) The Final Swing (1974) Hot Wire (1974) Live at the Boat Club (1975) Trapeze (1976) Hold On a.k.a. Running (1978/1979) Welcome to the Real World (1993) High Flyers: The Best of Trapeze (1996) Way Back to the Bone (1998) On the Highwire (2003)

Med Glenn Hughes Play Me Out (1977)

Med Justin Hayward Songwriter (1977) Night Flight (1980)

Med Judas Priest British Steel (1980) Point of Entry (1981) Screaming for Vengeance (1982) Defenders of the Faith (1984) Turbo (1986) Priest...Live! (1987) Ram It Down (1988)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dave Holland (drummer)» frå , den 10. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Wolverhampton Kategori:Engelske heavy metal-trommeslagarar Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Judas Priest-medlemmar Kategori:Trapeze-medlemmar