«Run of the Mill» er ein ballade av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå debutalbumet deira, Rocka Rolla. Songen var den første skriven av gitaristen K.K. Downing, som skreiv songen kort tid etter at vokalisten Rob Halford kom med i bandet. Downing skreiv songen dels for å syne den unike vokale rekkjevidda til Halford.

Songen vart først spelt inn som ein demo kring 1973 i lag med ein annan tidleg Priest-song, «Whiskey Woman». Denne songen kom seinare ut i ei anna form på det andre albumet til Priest som «Victim of Changes». Manageren til Priest på den tida, Dave Corke, tok med seg demoen til Gold Records. Plateselskapet signerte Priest etter at direktøren David Howells hadde sett ein konsert med bandet, i lag med Budgie, i Marquee Club i London den 11. februar 1974. Songen vart seinare spelt inn på ny for debutalbumet Rocka Rolla sommaren 1974.

«Run of the Mill» var den lengste songen til Priest før «Cathedral Spires» vart spelt inn i 1997 for albumet Jugulator. Sjølv om Priest ikkje har spelt songen sidan midten av 1970-åra reknar mange fans og kritikarar songen som eit høgdepunkt på albumet og ein klassisk tidleg Priest-song.

Medverkande Rob Halford - vokal K.K. Downing - gitar Glenn Tipton - gitar, synthesizer Ian Hill - bassgitar John Hinch - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Run of the Mill (Judas Priest song)» frå , den 11. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Rob Halford Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Psykedeliske rockesongar Kategori:Progressive rockesongar Kategori:Hardrocksongar