Hans Larsson Bergseng () var ein norsk gardbrukar og treskjerar på Dovre. Han var son til Lars Hansson Lindsø.

Hans Larsson Lindsø (eller Lindse) livnærde seg i mange år som handelskar. Noko før han kjøpte garden Bergseng i Dovre tok han til att for fullt med treskjering, noko han hadde lærd av far sin og som han lærde meir av av den førre eigaren av Bergseng-garden. Frå 1887 leidde han ein treskjerarskule i Dovre. Han bidrog dermed til å halde levande den gamle «krillskurden» med akantusformer i Gudbrandsdalen.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Bakgrunnsstoff Gravminne

Kategori:Folk frå Dovre Kategori:Norske treskjerarar