Knaben kapell er ei langkyrkje i tre frå 1936 på Knaben i Kvinesdal kommune i Agder fylke. Til kapell har ein brukt eit eldre hus som er bygd om etter teikningar av ingeniør Hans Aase. Tårnet står ved sida av sjølve kapellet, som har om lag 80 sitjeplassar.
Kapellet var i privat eige, men vart overdrege til kommunen i 1976 etter at A/S Knaben vart lagd ned.
Det er ikkje kyrkjegard på staden.
Kjelder Kvinesdal kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Knaben kapell
Kategori:Kyrkjer i Kvinesdal Kategori:Kulturminne i Kvinesdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1936 Kategori:Kyrkjer i Lister og Mandal prosti Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme