Hægebostad kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1844 i Hægebostad kommune i Agder fylke.
Kyrkja vart bygd etter teikningar av sokneprest Nils Christian Hald (tenestetid 1841–1844) med godkjenning og mindre merknader frå stadskonduktør Christian H. Grosch. Torje Taralsen Birkeland var byggjeleiar.«Hægebostad kyrkje 150 år», s. 44–45.
Kyrkja har 450 sitjeplassar.
I Inwood i USA har norske utvandrarar sett opp ei kyrkje dei har kalla Hægebostad.Op.cit., s. 49.
Tidlegare kyrkje Ei kyrkje på staden er fyrste gong nemnt i 1445, men det er ikkje kjend kva slags bygning dette var. Kyrkjestaden er nemnt i Stavanger kapitel si jordebok i 1620. Denne mellomalderbygningen vart riven i 1629, og ei langkyrkje av tømmer vart oppført i staden. Tømmerkyrkja hadde eit lite tårn, klokkene hang i eit eige lite bygg (stopul), og vindauga var små. Tomta var om lag den same som for dagens kyrkje. I 1723 selde kongen kyrkja. På auksjonen kjøpte fire bønder kyrkja på vegne av allmugen i bygda. Bygningen vart etter kvart for liten, og presten N.C. Hald argumenterte i 1843 òg for at bygningen ikkje var verdig som gudshus. Treverk frå kyrkja frå 1629 vart brukt om att då ny kyrkje vart oppført i 1844.
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Vest-Agder fylkeskommune Hægebostad kyrkjelege fellesråd
Kategori:Kyrkjer i Hægebostad Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kulturminne i Hægebostad Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1844 Kategori:Kyrkjer i Lister og Mandal prosti