mini|Hertonäs kyrkje i Helsingfors, bygt 1958 Osmo Tapio Lappo () er ein finsk arkitekt. Han er kjend som ein av Finlands fremste innan betongarkitektur. Han har blant anna teikna brakkeanlegget for garnisonen i Vekarajärvi i Kouvola (1966–75). Det står på Docomomos liste over dei viktigaste moderne byggverka i Finland. Lappos stil er minimalistisk med volummessig enkle bygningseiningar og rimeleg materialbruk.

Han har teikna fleire andre militærbygg, skolar og symjehaller. I 1979 hadde han ansvaret for den nye kontorbygningen til IBM i Helsingfors, og i 1987 kom det eit andre byggetrinn her.

I 1978 fekk Lappo den finske staten sin arkitekturpris.  I 1962 fekk han tredjepris i ein konkurranse om nyutforming av Karl Johan-kvartalet i Oslo.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Osmo Lappo» frå , den 17. september 2016. oppgav desse kjeldene: Om Lappo på answers.com. Om Lappo på nettstaden til det finske arkitekturmuseet.

Kategori:Finske arkitektar Kategori:Folk frå Helsingfors