mini|Hovudbygningen sett frå sørvest på siste halvdelen av 1800-talet Sør-Odal prestegard eller Strøm prestegard ligg vest for Strøm kyrkje.
Både kyrkja og prestegarden har røter attende til mellomalderen. Bygningane på prestegarden er av varierande alder. Hovudbygningen frå 1818 er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel utvendig. Stilen er empire. Forpaktarbustaden er rekna for å vere frå litt før midten av 1800-talet, og stabburet er frå 1791. Bryggarhuset er frå 1920-åra, og ein driftsbygning er oppført i 1924. Det finst òg vognskjul og smie. Garden er i drift som forpaktingsbruk.
Prestegarden er rekna for å ha høg kyrkjeleg kulturverdi. Ei rekkje av bygningane er freda.
Kjelder og bakgrunnsstoff Sør-Odal prestebolig hos Allstad
Sør-Odal prestegård (norskegarder.no)
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Sør-Odal Kategori:Byggverk i Sør-Odal Kategori:Gardar i Innlandet Kategori:Freda bygg i Innlandet