Hatta er ein eksklave som høyrer til emiratet Dubai i Dei sameinte arabiske emirata, relativt høgt i Hajarfjella. Tradisjonelt har familiar frå Dubai reist til staden for å sleppe unna det ubehagelege heite sommarvêret på kysten. Han ligg søraust for hovudområdet til Dubai. Sidan tidleg i 1980-åra har Hatta vore ein populær utfluktsstad for utanlandske arbeidarar og lokale familiar. mini|venstre|Hatta-dammen.
Hatta ligg kring 248 km aust for Dubai. Han har eit populært friluftsmusem med ei samling rekonstruerte gamle fjellbygningar.
Den gamle landsbyen Hatta har to markante militærtårn frå 1700-talet og Juma-moskeen frå 1780, den eldste bygningen i Hatta. Det tradisjonelle vatningssystemet (falaj) er òg blitt restaurert.
Hatta vart ein eksklave i Dubai seint på 1800-talet, då landsbyen Hajarain eller Hijrain i Wadi Hatta vart gjeven til sjeik Rashid I Maktoum, emiren i Dubai, av Turki bin Said, sultan av Flugat og Oman.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hatta, United Arab Emirates» frå , den 19. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Geografi i Dubai Kategori:Busetnader i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Eksklavar