Angel of Retribution er det 15. studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, gjeve ut i 2005. Det er det første albumet deira sidan Painkiller (1990) med vokalisten Rob Halford. Albumet debuterte på 13. plassen på Billboard-lista, som var den tredje høgaste plasseringa for eit Judas Priest-allbum. Det markerte òg første gongen Judas Priest nådde toppen av ei salsliste, i Hellas. Albumet var produsert av Roy Z, som var medlåtskrivar på songen «Deal with the Devil».
Tekstar Ein finn hint av tidlegare album og songar på dette albumet, i tillegg til tekstar som tilsynelatande refererer til tidlegare songar. Songen «Demonizer» refererer både til «The Hellion» frå Screaming for Vengeance, i tillegg til «Painkiller» frå Painkiller. «Hellrider» nemner tittelsporet på Ram It Down, og «Tyrant» frå Sad Wings of Destiny. «Eulogy» refererer til «Stained Class» og «The Sentinel» frå albuma Stained Class og Defenders of the Faith.
Songen «Deal With the Devil» er ein slags sjølvbiografi for Judas Priest, og fortel om opphavet deira i Black Country i England, perioden då dei spelte kring i England og praktiserte ved Church of Holy Joseph i Walsall, som er der Judas Priest i røynda oppstod. «Deal With the Devil» nemner òg songen «Blood Red Skies» frå Ram It Down, «Take on the World» frå Killing Machine, og «Beyond the Realms of Death» frå Stained Class.
DualDisc Albumet kom ut på DualDisc-formatet som hadde den tradisjonelle CD-plata på den eine sida og DVD-innhald på den andre sida. DVD-sida av albumet inneheld ein dokumentar kalla «Reunited» i tillegg til heile albumet i eit betre lydformat. I Japan vart albumet gjeve ut som ei dobbelplate med CD og DVD.
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget: Judas Priest Rob Halford – vokal Glenn Tipton – gitar K.K. Downing – gitar Ian Hill – bass Scott Travis – trommer
Andre musikarar Don Airey – klaverinstrumentProduksjon Produsert av Roy Z og Judas Priest Lydteknikar: Roy Z, Joe Barresi Miksa av Roy Z og Stan Katayama Mastra av Tom Baker frå Precision Mastering Konsept for omslaget av Judas Priest Design og illustrasjonar av Mark WilkinsonMinidokumentaren Reunited (DualDisc-utgåva) Produsert og regissert av Aubrey Powell Lyd produsert og miksa av Tom Allom
Lister Lister (2005) Plassering Australian Albums (ARIA) 58
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Angel of Retribution» frå , den 21. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Judas Priest-album Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Epic Records-album