Yipsi Moreno González () er ein kubansk tidlegare sleggjekastar frå Camagüey. Ho vart verdsmeister i 2001 og 2003, og vann to OL-sølv og like mange VM-sølv i tida 2004-08. Moreno sin personlege rekord på 76,62 m er frå 2008.
Aktiv Moreno vart nummer fire i sleggjetevlinga under OL i 2000. Året etter kasta ho 70 meter for fyrste gong og vann VM-gull, fire centimeter framom russiske Olga Kuzenkova. To år seinare forsvarte Moreno VM-tittelen i Paris, same sesongen som ho makta kaste over 75 meter i slegge.
Både under Sommar-OL 2004 i Aten og friidretts-VM 2005 i Helsinki måtte Moreno sjå seg klart slått av sin sterkaste konkurrent, Olga Kuzenkova. Også ved VM 2007 i Osaka enda Moreno på sølvplassen, fattige to cm bak tyske Betty Heidler. Under sommarleikane 2008 i Beijing tok Moreno si fjerde rake sølvmedalje i OL/VM-tevlingar. Få veker etter dei olympiske leikane sette ho i Zagreb personleg rekord med 76,62 m, hennar livs lengste sleggjekast.
Etter OL-sesongen 2008 heldt Moreno fram på same høge nivå, utan at det vart VM- eller OL-medaljar på henne. Derimot vann ho sleggjetevlinga under Panamerika-leikane 2011 i meksikanske Guadalajara. Ho la opp i 2014.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (58,68 m =nr 18) OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 68,33 m VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 70,65 m, framom Olga Kuzenkova (70,61 m) VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 73,33 m, framom Olga Kuzenkova (71,17 m) OL 2004 i Aten: Sølvmedalje – 73,36 m, bakom Olga Kuzenkova (75,02 m) VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 73,08 m, bakom Olga Kuzenkova (75,10 m) VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 74,74 m, bakom Betty Heidler (74,76 m) OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 75,20 m, bakom Aksana Mjankova (76,34 m) VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 74,48 m OL 2012 i London: Nr 6 – 74,60 m VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 74,16 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yipsi Moreno» frå , den 22. september 2016.
World Athletics
Kategori:Cubanske sleggekastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Cuba Kategori:Verdsmeistrar i sleggekast Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012