Britpop er ein undersjanger av poprock og alternativ rock som oppstod i Storbritannia i 1990-åra. Han skildrar den musikalske og kulturelle rørsla i midten av 1990-åra som la vekt på «det britiske» i musikken og haldningane, og skapte ein lys, fengande pop som var ein reaksjon til den USA-dominerte grunge-musikken og den britiske shoegazing-musikken. Dei mest suksessrike banda innafor sjangeren er Oasis, Blur, Suede og Pulp. Desse gruppene vart kjend som «dei fire store». Sjølv om britpop vart rekna som eit marknadsføringsreiskap, og meir ei kulturell rørsle enn ein musikkstil eller sjanger, er det musikalske former og påverknader som britpop-banda hadde til felles. Dette var til dømes element frå britisk popmusikk frå 1960-åra, glamrock og punkrock i 1970-åra, og indiepop i 1980-åra, som gjekk att i musikken, haldningane og kleda. Mange av dei var særleg inspirerte av The Smiths der songaren Morrissey ofte hadde eit nostalgisk syn på Storbritannia. Britpop var eit mediadrive fokus på band som dukka frå det sjølvstendige musikkmiljøet tidleg i 1990-åra - og var assosiert med Cool Britannia som kalla fram minner om Swinging Sixties og den britiske gitarpopen frå 1960-talet.Harris, s. 385.
Då amerikanske grunge-band invaderte Storbritannia, stilte nye britiske grupper, som Blur og Suede seg opp som motståande musikalske krefter, og refererte til britisk gitarmusikk frå tidlegare tider og skreiv om typiske britiske tema og saker. Desse banda fekk etter kort tid med seg Oasis, Pulp, The Verve, Supergrass, Cast, Placebo, Space, Sleeper og Elastica.
Britpopband førte britisk alternativ rock ut til dei store massane og danna ryggraden i ei større britisk kulturrørsle kalla Cool Britannia. Det oppstod ein konkurranse mellom Blur og Oasis om å kome høgast på salslistene, kalla «The Battle of Britpop», som gjorde at britpopen fekk mykje mediaomtale i britisk presse i 1995. Innan 1997 hadde interessa byrja å minke, og mange av artistane sleit eller vart oppløyst.Harris, pg. 354. Populariteten til popgrupper som Spice Girls var medverkande til at det var dalande interesse for britpopen.Harris, p. 347-48.
Band assosiert med britpop Ash Black Grape The Bluetones Blur The Boo Radleys Cast The Divine Comedy Dodgy Echobelly Elastica Gene Heavy Stereo Marion Me Me Me Menswear My Life Story Northern Uproar Oasis Ocean Colour Scene Powder Pulp Salad Shed Seven Sleeper Strangelove Suede Supergrass These Animal Men Thurman Whiteout
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Britpop» frå , den 23. september 2016. oppgav desse kjeldene: Harris, John. Britpop!: Cool Britannia and the Spectacular Demise of English Rock. Da Capo Press, 2004. ISBN 0-306-81367-X. Harris, John. "Modern Life is Brilliant!" NME. 7 January 1995. Live Forever: The Rise and Fall of Brit Pop. Passion Pictures, 2004. Till, Rupert. "In my beautiful neighbourhood: local cults of popular music". Pop Cult. London: Continuum, 2010.
Kategori:Britpop Kategori:Sjangrar innan alternativ rock Kategori:Britisk popmusikk