Mike Conley, fullt namn Michael Alex Conley, () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Chicago i Illinois. Han vart olympisk meister 1992 og verdsmeister 1993 i tresteghopp, og vann i tillegg eitt OL-sølv og tre VM-medaljar i tresteg- og lengdehopp. Conley sine personlege rekordar er 8,46 meter i lengde og 17,87 meter i tresteg.

Aktiv Frå 1983 var Conley ein av dei beste lengde- og tresteghopparane i verda. Same året, under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, vart han nummer tre i lengdegropa og fire i trestegtevlinga. Året etter tok han sølv i tresteghopp under OL 1984 i Los Angeles, åtte centimeter kortare enn landsmannen Al Joyner.

I 1987 vann Conley gull i tresteg ved innandørs-VM og ved dei panamerikanske leikane, begge tevlingane vart avvikla i Indianapolis. Om sommaren gjorde han sitt livs lengste, godkjende tresteghopp då han landa på 17,87 m under eit stemne i San Jose. Ved friidretts-VM 1987 i Roma la han beslag på sølvmedaljen, slått med 25 cm av Hristo Markov. Ein skade gjorde at han stod over Sommar-OL 1988 i Seoul. Våren 1989 vann han tresteghopp i innandørs-VM for andre gong.

Etter å ha vorte tredjemann i trestegtevlinga ved VM i friidrett 1991 i Tokyo, nådde Conley heilt til topps under dei olympiske leikane 1992 i Barcelona. I sjette og siste omgang av finalen fekk han fullklaff og landa på 18,17 meter, 20 cm over verdsrekorden, men litt for sterk medvind førte til at hoppet ikkje kunne godkjennast som verdsrekord. Sesongen etter vart Conley verdsmeister i tresteghopp i Stuttgart.

Den 4. mai 1996 sette Conley personleg rekord i lengdehopp med 8,46 m i byen Springfield i delstaten Missouri. Han trappa ned treninga etter OL 1996 i Atlanta, der han kom på fjerdeplass i tresteg, fire centimeter bakom bronsemedaljøren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje i lengdehopp – 8,12 m, nr 4 i tresteghopp – 17,12 m OL 1984 i Los Angeles: Sølvmedalje i tresteghopp – 17,18 m, bakom Al Joyner (17,26 m) VM 1987 i Roma: Sølvmedalje i tresteghopp – 17,67 m, nr 8 i lengdehopp – 8,10 m VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje i tresteghopp – 17,62 m OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje i tresteghopp – 18,17 m, framom Charles Simpkins (17,60 m) VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje i tresteghopp – 17,86 m, framom Leonid Volosjin (17,65 m) VM 1995 i Göteborg: Nr 7 – 16,96 m OL 1996 i Atlanta: Nr 4 i tresteghopp – 17,40 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mike Conley» frå , den 24. september 2016. Denne artikkelen bygger på «Mike Conley Sr.» frå , den 24. september 2016. Denne artikkelen bygger på «Mike Conley» frå , den 24. september 2016.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Tresteghopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996