Ole Bugge-Asperheim () var ein norsk prest og forfattar frå Årdal. Han tok teologisk embetseksamen i 1871. Våren 1872 reiste Bugge-Asperheim til Amerika der han i 3 år var prest i Rock River i Wisconsin. Sidan var han professor ved den norske synode sitt teologiske seminar til han i 1878 fekk stillinga som den første sjømannspresten i New York. På grunn av helsa søkte Bugge-Asperheim seg etter 2 år tilbake til Norge og vart i 1880 utnemnd til sokneprest i Hjartdal i Telemark. Frå 1884 var han sokneprest i Froland.
Bugge-Asperheim skreiv fleire artiklar i kyrkjebladet Luthersk ugeskrift og i dagspressa, forutan fleire større og mindre skrift.
Bibliografi
Kjelder
Bygdebok for Årdal Band 2. Kulturbandet . 1978 Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff Om Ole Bugge-Asperheim i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Årdal Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske prestar