«Money Honey» er ein song skriven av Jesse Stone, og gjeven ut i september 1953 av Clyde McPhatter akkompagnert for første gongen av det nye bandet Drifters. Røysta til McPhatter, men ikkje namnet, var blitt kjend som songaren for Billy Ward and the Dominoes. Songen vart raskt ein hit og låg på rhythm and blues-lista i USA i 23 veker, der han nådde toppen. Rolling Stone rangerte songen på 252. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Innspelinga hadde i 1968 seld over to millionar eksemplar.
Innspeling Songen vart spelt inn 9. august 1953 i Atlantic Studios med Clyde McPhatter (solovokal), Bill Pinkney (baryton), Andrew «Bubba» Thrasher (andretenor), Gerhart «Gay» Thrasher (høg tenor) og Willie Ferbie (bass). Walter Adams var gitaristen på innspelinga.
Andre som var med på innspelinga var Mickey Baker på gitar og Sam «the Man» Taylor på tenorsaksofon.Stax O' Wax: Sam «The Man» Taylor - In the Mood for Sax: More Blue Mist (1960) Arrangementet startar med ein sekkepipe-liknande tone frå Drifters, før det vert sett i gang ein shufflerytme. Røysta til McPhatter er klår og lys, og midt i saksofonsoloen gjev han eit høgt skrik.
Andre versjonar I 1956 vart songen spelt inn av Elvis Presley for debutalbumet hans Elvis Presley.Elvis Presley, «Money Honey» Henta 13. februar 2012. Songen vart spelt inn av Eddie Cochran på konsert i 1959Eddie Cochran references Henta 13. februar 2012 og denne vart gjeven ut i 1999 på albumet The Town Hall Party Shows. The Hollywood Flames gav ut ein versjon som B-sida til singelen deira «My Heart's on Fire» frå 1960.The Hollywood Flames, «My Heart's on Fire» single release Henta 4. februar 2016. Clyde McPhatter spelte inn songen på ny for Mercury og albumet Lover Please i 1962. Little Richard spelte inn songen for his 1964 Vee-Jay Records album, Little Richard Is Back (And There's a Whole Lotta Shakin' Goin' On!) Gitaristen Davy Graham spelte inn melodien i 1966 på albumet Midnight Man. The Jackson 5 spelte songen for Motown i 1971 - 1975. Songen vart sidan gjeven ut i plateboksen Soulsation! i juni 1995. Songen vart spelt av Ry Cooder i 1972 på albumet Into the Purple Valley.Amazon.com - Into the Purple Valley: Ry Cooder: Music Gary Glitter spelte inn songen i 1973 for albumet Touch Me. The Sensational Alex Harvey Band spelte inn songen i 1974 på albumet The Impossible Dream. The Coasters gav ut ein versjon av songen.The Coasters, «Money Honey» Henta 13. februar 2012. Kristin Berglund gav ut songen på det andre albumet sitt, Long Distance Love (1979).Kristin Berglund, Long Distance Love Henta februar 4, 2016. Aaron Neville spelte inn «Money Honey» for albumet My True Story frå 2013. 38 Special spelte inn songen i 1980 på albumet «Rockin' Into The Night».http://www.allmusic.com/album/rockin-into-the-night-mw0000193401
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Money Honey (Clyde McPhatter song)» frå , den 30. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1953 Kategori:Singlar frå 1953 Kategori:Songar skrivne av Jesse Stone Kategori:Clyde McPhatter-songar Kategori:The Drifters-songar Kategori:Eddie Cochran-songar Kategori:The Hollywood Flames-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Little Richard-songar Kategori:The Jackson 5-songar Kategori:Gary Glitter-songar Kategori:The Coasters-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Atlantic Records-singlar 254 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Ry Cooder-songar Kategori:.38 Special-songar