«I Forgot to Remember to Forget» er ein countrysong skriven av Stan Kesler og Charlie Feathers. Han vart innspelt i Sun Studio den 11. juli 1955 av Elvis Presley, Scotty Moore, Bill Black og Johnny Bernero på trommer, og kom ut på singel 20. august 1955, i lag med «Mystery Train» (Sun 223).The Elvis Presley Sun Collection. Singelen vart gjeven ut på ny av RCA Victor (#47-6357) i desember 1955.

Gitaren til Moore hadde ein Nashville steelgitarlyd og Black spelte ein klipp-klapp-rytme. Dette er det nærmaste trioen kom tradisjonell country medan dei var hos Sun.The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 47. ISBN 1-55652-614-8

Songen gjekk til topps på Billboard si countryliste den 25. februar 1956, og vart liggande der i to veker. Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard Most Played by Jockeys-lista.Elvis History Blog.Billboard, 25. februar 1956.elvis-tkc.com. Det var den første singelen som gjorde Elvis Presley kjend landet over som countrystjerner. Songen låg på countrylistene i 39 veker.The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 46. ISBN 1-55652-614-8

B-sida av singelen, «Mystery Train», nådde 11. plassen på den nasjonale Billboard country-lista.

The Beatles-versjonen

The Beatles spelte denne songen ein gong for radioprogrammet From Us To You på BBC, den 1. mai 1964, med George Harrison på solovokal. Songen er kjend som siste gongen Beatles spelte ein song for BBC som ikkje var spelt inn for EMI. Beatles dobla snøggleiken på rytmen under mellomspelet. Bandet vart meir eksperimentelt på denne tida og etter at dei spelte «I Call Your Name», brukte dei det ska-aktige mellomspelet igjen på «I Forgot to Remember to Forget». Songen vart ikkje offisielt gjeven ut før 1994, då han vart med på Live at the BBC.

Medverkande George Harrison - vokal, sologitar John Lennon - rytmegitar Paul McCartney - bass Ringo Starr - trommer

Andre versjonar Jerry Lee Lewis spelte inn songen i 1957 og i 1960-åra. Låtskrivaren Charlie Feathers har òg spelt songen. Johnny Cash spelte inn songen i 1959 for albumet Greatest! og på albumet The Survivors Live i 1981. B.J. Thomas tok med songen på albumet hans B.J. Thomas Country i 1972. Chuck Jackson, Ral Donner, Robert Gordon, Johnny Hallyday, The Deighton Family, Hicksville Bombers og Wanda Jackson har alle spelt songen.Second Hand Songs: I Forgot to Remember to Forget. Chris Isaak spelte inn songen i 2011 for albumet Beyond the Sun. Bob Dylan og The Band spelte inn songen i 1967. Denne kom ut i 2014 på The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Forgot to Remember to Forget» frå , den 1. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Singlar frå 1955 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av Sam Phillips Kategori:Songar frå 1955 Kategori:Sun Records-singlar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Johnny Hallyday-songar Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:Chris Isaak-songar Kategori:Bob Dylan-songar