«Tell Me Why» er ein popsong skriven av Titus Turner i 1956. Han er ein langsam, kraftfull rhythm and blues-ballade, og har ein mleodi som minnar om «Just a Closer Walk With Thee».
Den første hitversjonen vart spelt inn av Marie Knight, ein svart R&B-songar, på Mercury-etiketten Wing. Han vart ein lokal hit i New Orleans og Texas. Han vart så ein moderat hit for Gale Storm og The Crew-Cuts i 1956 og seinare for Elvis Presley i 1966. Presley spelte inn songen i 1957, men han vart ikkje gjeven ut før seinare. Singelen nådde 33. plassen på Billboard Hot 100 og selde til gullplate.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tell Me Why (1956 song)» frå , den 2. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Rhythm and blues-songar Kategori:Songar skrivne av Titus Turner Kategori:Songar frå 1956