mini|Sortering av ei laukavling.

Avling, avl eller grøde viser til dei hausta delane av kulturplantar som folk gjer seg nytte av.

Mengd Ein måler vanlegvis avling i kilogram per dekar (kg/daa). Statistisk sentralbyrå gjev hovuddefinisjonen av avling som innhausta produksjon per arealeining. Andre avlingsdefinisjonar kan vera:

totalavling nyttbar avling, av seld avling og eige forbruk hausta avling, danna av seld avling, eige forbruk og tap og svinn etter hausting biologisk avling, som er sett saman av hausta avling, tap under innhausting og ikkje hausta avling

Både mengda og kvaliteten på avlinga avgjer kor vellykka ein vekstsesong har vore. Klima, lengda på vekstperioden, tilgangen på vatn og næring, tilstanden på jordsmonnet og eventuelle skadedyr eller sjukdommar påverkar også resultatet.

Typar Avlingar kan delast inn etter bruksområde: Mat for menneske, som kveite, ris, mais, potet, frukt og grønsaker Dyrefor, til dømes gras, høy, kløver, lusern Fiber til tau og tekstil, som bomull, lin, hamp Olje, som raps, mais, oljepalme, oliven Dekorasjon, som ulike blomar og buskar Industri og råvarer, som gummi og tobakk

Galleri

Sjå òg Grøderikdom

Kjelder

Kategori:Landbruk Kategori:Haust