«All Shook Up» er ein song skriven av Otis Blackwell og Elvis Presley og spelt inn av Presley. Singelen nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA den 13. april 1957, og låg der i åtte veker. Han toppa òg Billboard R&B-lista i fire veker, den andre singelen til Presley som klarte dette, og nådde tredjeplassen på countrylista. Singelen selde til dobbel platina av RIAA.
Songen vart rangert på 352. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Historie I følgje Elvis-biografen Fred Worth skal Blackwell ha skrive songen i kontora til Shalimar Music i 1956 etter at Al Stanton, ein av eigarane av Shalimar, rista på ei flaske Pepsi og føreslo at han skreiv ein song basert på uttrykket «all shook up.»
I følgje Peter Guralnick har songen eit anna opphav. I boka si Last Train To Memphis skreiv han at Elvis meinte «All Shook Up» var eit godt uttrykk for eit refreng. For dette vart Elvis tilskriven som låtskrivar. Dette var siste gongen Elvis vart nedskriven som medlåtskrivar.
Elvis sjølv sa under eit intervju 28. oktober 1957: «Eg har ikkje gong hatt ein idé til ein song. Berre ein gong kanskje. Eg gjekk til sengs ein kveld og hadde litt av ein draum og vakna heilt i frå meg (shook up på engelsk). Eg ringde ein kamerat og fortalte han om det. Om morgonen hadde han ein ny song, 'All Shook Up'.»
Den framtidige Last House on the Left-skodespelaren David Hess, som brukte scenenamnet David Hill, var den første til å spele inn songen. Han gav han ut eit par veker før Elvis på Aladdin Records, kalla «I'm All Shook Up».
Vicki Young spelte inn ein annan song med same tittel, «(I'm) All Shook Up», på Capitol Records med Big Dave and His Orchestra, skriven av Bill Bellman og Hal Blaine i 1956.
Den 12. januar 1957 spelte Presley inn songen i Radio Recorders i Hollywood. Duettvokalen på innspelinga er av førstetenoren i The Jordanaires Gordon Stoker. Det 10. opptaket vart nytta til utgjevinga og i mars gjekk songen inn på Billboard's Top 100-lista 25. plassen. I løpet av tre veker slo han Perry Como sin «Round and Round» ned frå toppen av lista, og vart liggande på toppen i åtte veker. Songen vart òg den første singelen til Presley som gjekk til topps på UK Singles Chart i Storbritannia, der han låg i sju veker. Singelen slde over to millionar eksemplar, og songen vart kåra til årets song på Billboard for 1957.
Beatles-versjonen I følgje biografen Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicle» (s. 361), spelte The Beatles (først som The Quarrymen) ofte songen, frå 1957 til 1960 (og kanskje seinare) med Paul McCartney på vokal. Det finst ingen innspelingar av songen frå denne tida. Songen vart spelt inn 13. januar 1969 under den massive Get Back-innspelinga. Innspelinga er ikkje gjeven ut offisielt. I 1999 spelte Paul McCartney inn ein versjon på albumet Run Devil Run.
Billy Joel-versjonen
I 1991 spelte Billy Joel inn songen for filmen Honeymoon in Vegas, der andre artistar spelte andre Elvis Presley-songar. Han vart gjeven ut på singel og nådde 92. plassen i USA og 27. plassen på den britiske singellista.
Plassering Lister (1992)PlasseringAustralian Singles Chart54Canadian Singles Chart28Den franske singellista60Tyske Media Control Charts52Irish Singles Chart23New Zealand Singles Chart26UK Singles Chart27U.S. Billboard Hot 10092U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks15
Andre innspelingar Suzi Quatro spelte inn songen for det første soloalbumet hennar Suzi Quatro i 1973. Ho gav songen ut på singel i 1974 og han nådde 85. plassen på Billboard Hot 100. Presley inviterte Quatro til Graceland og sa at versjonen hennar var den beste sidan originalen. Quatro avslo tilbodet. Dolly Parton framførte songen i mars 1983 i Dominion Theatre i London, som vart filma og seinare send på fjernsyn på Dolly in London. Jim Dale gav ut ein versjon på singel for Parlophone i 1957. The Jeff Beck Group, med Rod Stewart på vokal, gav ut ein versjon i 1969 på albumet Beck-Ola. Prince and The New Power Generation spelte songen på Montreux Jazz Festival i 2009.
Instrumentale versjonar 1961: Jerry Kennedy 1962: The Hunters 1963: Sandy Nelson 1965: The Castaway Strings 1995: Peter Breiner and His Orchestra 2010: Dennis Caplinger
Andre språk Det er laga to omsetjingar av songen på fransk, den eine av Gilles Brown kalla «Je suis cinglé» og spelt av Johnny Farago i 1968, og den andre av Jacques Poterat kalla «Crever d'amour» og spelt inn av Teddy Raye et ses Teddy Boys i 1962. Ein versjon på finsk, omsett av Juice Leskinen kalla «Järkytyin» vart septl inn av Eero ja Jussi i 1980. Wigbert skreiv ein nederlandsk tekst på songen, kalla «Wakker geschud», som han spelte inn i august 1992. Denne versjonen vart òg spelt inn av The Wigs May i 2003 og Wim Leys & @Fundum i 2008.
See also List of Billboard number-one singles of 1957 List of Billboard number-one rhythm and blues hits Billboard year-end top 50 singles of 1957 List of Cash Box Best Sellers number-one singles of 1957 List of CHUM number-one singles of 1957
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1992 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar skrivne av Otis Blackwell Kategori:Songar skrivne av Elvis Presley Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:Albert King-songar Kategori:Jeff Beck-songar Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:Suzi Quatro-songar Kategori:Phil Ochs-songar Kategori:Humble Pie-songar Kategori:Carl Perkins-songar Kategori:Steve Marriott-songar Kategori:Ry Cooder-songar Kategori:Vikingarna-songar Kategori:Robert Palmer-songar Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Kris Kristofferson-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Billy Swan-songar Kategori:José Feliciano-songar 360