Anous er ei biologisk slekt av terner (noddyar) og medlem av måsefamilien, Laridae. Gruppa er representert ved kystar over alle tropiske hav, spesielt ved øyar.

Dette er fuglar med mørk brunleg fjørdrakt, bleik hette, langt, slankt nebb; kileforma hale med flisete tupp. Kroppstorleiken varierer mellom 30 og 45 centimeter. I kroppsform minnar dei om andre terner. To artar har til forskjell frå terner heilt mørk fjørdrakt.

Dei har eit langt meir pelagisk levevis enn terner og hekkar typisk på tropiske eller subtropiske øyar til havs. Kullet er på eit egg og rugetida er relativt lang. Dietten er fisk og blekksput.

Artslista Anous i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Brunnoddy, Anous stolidus, Brown Noddy, Linné, 1758, (LC) Svartnoddy, Anous minutus, Black Noddy, Boie, 1844, (LC) Smånoddy, Anous tenuirostris, Lesser Noddy, Temminck, 1823, (LC) Grånoddy, Anous albivitta, Gray Noddy, Bonaparte, 1856, (LC) Blånoddy, Anous ceruleus, Blue-gray Noddy, Bennett, 1840, (LC) Kjelder Burger, J., Gochfeld, M. & Bonan, A. (2016). Gulls, Terns, Skimmers (Laridae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (Henta 11. oktober 2016). Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:måsefamilien Kategori:Fugleslekter