Nahwa er ein landsby i emiratet Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata. Han er ein mot-enklave i det omanske territoriet Madha, som i seg sjølv er ein enklave i Emirata.

For å kome til landsbyen Nahwa, må ein ta den nordlegaste vegen inn i enklaven Madha, sør for Khor Fakkan mot Nye Madha. Herfrå går det ein svingete veg på kring 5 km til Nahwa. mini|venstre|På veg inn i Nahwa

Sjølv om situasjonen er uvanleg er ikkje Nahwa den einaste eksklaven i verda som er omgjeve av ein annan enklave. Somme eksklavar i det nederlandske Baarle-Nassau ligg i dei belgiske enklavane Baarle-Hertog.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nahwa» frå , den 14. oktober 2016.

Bakgrunnsstoff Arabiske enklavar og mot-enklavar

Kategori:Busetnader i Sharjah Kategori:Eksklavar Kategori:Den emiratarabisk-omanske grensa Kategori:Enklavar