mini|Medlemmer av rocker-subkulturen, som oppstod i Storbritannia på 1950-talet. Subkultur er ei gruppe som skil seg ut frå ein større og meir utbreidd kultur gjennom særmerke som haldningar, språk, symbol, gjenstander eller kunnskap. Medlemmar av ein subkultur definerer seg sjølv medvite som ulike frå majoritetskulturen, med ulike normer og verdiar. Subkulturar kan låna symbol, verdiar og tru frå majoritetskulturen, men ofte forsterka, forandare eller snudd om på. I nokre høve kan dei definera seg i opposisjon til majoritetskulturen, og kan då kallast ein motkultur. Subkulturar kan byggja på ungdomskultur, gjengar, yrkesgrupper, religion, etnisk tilhøyre, seksuell orientering eller felles interesser som musikk, idrett eller ulike hobbyar.
Kjelder
Kategori:Kultur
Kategori:Sosiologi