Aasmund Aslaksson Nestestog () var ein norsk-amerikansk bygdekunstnar og farmar frå Vinje. Aslak Nestestog var far hans.

Nestestog var ein evnerik mann og viste tidleg handlag både som børsemakar, gull- og sølvsmed, gravør og målar. Kanskje utmerkte han seg særleg med sine fint graverte børser. Kister på Jamsgard i Vinje, Bandak hotel i Dalen og på Fetveit i Bøgrend er alle måla i ein stil med brun botn og mykje blått i rosene, typisk for Nestestog. Ei kiste frå 1819 som vart måla til ein «H.J.S.», var i si tid i Aasmund Olavson Vinje si eige. Vinje skreiv om Nestestog i Drammens Tidende i 1853 og i Dølen i 1870 og kalla han eit universalgeni.

Nestestog utvandra til USA i 1843 og vart farmar.

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Norsk-amerikanarar