The Pearl-Qatar (arabisk اللؤلؤة قطر) er ei kunstig øy i Doha i Qatar, som dekkjer nesten fire millionar kvadratmeter. Det er det første landområdet i Qatar som er tilgjengeleg for sjølveige for utlendingar.http://realestate.theemiratesnetwork.com/developments/qatar/the_pearl.php I januar 2015 var det kring 12 000 innbyggjarar på øya.Pearl-Qatar to expand offerings with new entertainment center i 2015 Dette var opp frå 5 000 innbyggjarar våren 2012«Deal to provide key services for Pearl-Qatar». The Gulf Times. og 3 000 innbyggjarar våren 2011.
Når øya er ferdig utbygd vil The Pearl danne over 32 km med ny kystlinje med 18 831 bustader for 45 000 innbyggjarar. Øya er blitt utvikla av United Development Company og planlagt og designa av Callison. Øya ligg 350 meter frå kysten ved West Bay Lagoon-området i Doha.
Namn Namnet «The Pearl» eller «Perla» vart vald fordi øya er bygd over ein av dei tidlegare, store perledykkestadane i Qatar. Qatar var ein av dei viktigaste perlehandlarane i Asia før japanarane fann opp dei billigare kulturperlene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Pearl-Qatar» frå , den 25. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Pearl-Qatar – offisiell nettstad The Pearl-Qatar
Kategori:Øyar i Qatar Kategori:Doha