Rat für deutsche Rechtschreibung («Rådet for tysk rettskriving»), forkorta RdR, er det viktigaste internasjonale reguleringsorganet for tysk rettskriving. Rådet har hovudsete i Mannheim i Tyskland og blei oppretta i 2004 som ein etterfylgjar til Zwischenstaatliche Kommission für deutsche Rechtschreibung («Den mellomstatlege kommisjonen for tysk rettskriving»), for å femne om både forkjemparane og motstandarane av den tyske rettskrivingsreforma i 1996 (og seinare reformer).Offisielle vedtekter (tysk)
300px|mini| Det tyske språkrommet og fullverdige medlemmar av det tyske rettskrivingsrådet.
RdR består av 39 medlemmar frå land og regionar i det tyske språkrommet (deutsche Sprachraum):Medlemsliste (tysk)
Tyskland: 18 rådgjevarar Austerrike: 9 rådgjevarar Sveits: 9 rådgjevarar Provinsen Bolzano (Italia): 1 rådgjevar Det tysktalande fellesskapet i Belgia: 1 rådgjevar Liechtenstein: 1 rådgjevar Luxembourg: 1 observatør (har ikkje stemmerett)
Luxembourg var ikkje med å utforme reforma i 1996 og er heller ikkje eit fullverdig medlem av rådet, trass i at landet har tysk som eit av sine offisielle språk. Luxembourg deltek likevel i La Francophonie og har medlemmar i Académie française.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Council for German Orthography» frå , den 28. oktober 2016.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (tysk) RtR sine pressekonferansar i audio-format (tysk)
Kategori:Tysk språk Kategori:Språknormering